Cubakrisa

Verda har truleg aldri vore nærare atomkrig enn under Cubakrisa hausten 1962.

USA prøvde å fella den nye kommunist-regjeringa på Cuba, og Cuba svarte med å alliera seg med Sovjetunionen. Då Sovjetunionen plasserte atomvåpen på Cuba, svarte USA med å blokkera skipstrafikken til Cuba, og situasjonen blei endå meir anspent. Dommedagsklokka viste eitt minutt på midnatt, og det skulle bli diplomati, forhandlingar og litt flaks, som redda verda frå atomkrig.

«USA til full blokade av Cuba. Alle skip skal blir kontrollert.» – Aftenposten, 23.10.1962

«Sovjet i alarmberedskap. Ordre om full bemanning av alle rakettbaser i øst.» – Nordlys (Tromsø), 24.10.1962

«Løsning på Cuba-krisen er i sikte. Khrusjtsjov på retrett: Nedlegger sine baser.» – Aftenposten, 29.10.1962

Verdskartet viser alliansane under den kalde krigen i 1959.
   medlemsland i NATO
   andre allierte av USA
   koloniar
   medlemsland i Warszawapakta
   andre allierte av Sovjetunionen
   nøytrale nasjonar
Illustrasjon: Sémhur
Årsaker:
  • Maktkamp og eit spent forhold mellom USA og Sovjetunionen etter den andre verdskrigen: Ingen grunnlag for å halda saman når den felles fienden (Nazi-Tyskland) var bekjempa, usemje om behandlinga av Tyskland, Sovjetunionen tvang dei austeuropeiske landa til å bli kommunistiske
  • Våpenkappløp og truslar om atomkrig: USA hadde fleire missilar enn Sovjetunionen, og Sovjetunionen følte seg truga av at USA kunne nå dei frå missilbasar i Italia og Tyrkia, mens dei sovjetiske missila ikkje kunne koma seg utanfor Europa.
  • Cuba blei kommunistisk: Fidel Castro tok makta i Cuba, og slik kom «den raude faren» endå nærare USA enn nokon gong tidlegare. Cuba og Sovjetunionen skreiv i 1960 under ein avtale om at Cuba skulle produsera sukker til Sovjetunionen, og få maskinar, våpen og pengar tilbake frå Sovjetunionen.
  • Invasjonen av Grisebukta: I 1961 prøvde USA å invadera Cuba, for å fella kommunist-regjeringa, men denne aksjonen blei heilt mislukka.
  • Sovjetunionen plasserer atomrakettar på Cuba: Fidel Castro fryktar nye angrep frå USA, og ber om hjelp av Sovjetunionen, som plasserer fleire atommissil på Cuba. Desse missila har rekkevidde til å nå amerikansk jord, noko som ikkje har vore mogleg tidlegare.
Verknader:
  • Tettare kontakt mellom leiarane i USA og Sovjetunionen, mellom anna med direkte telefonlinje mellom Det kvite huset (Washington, D.C.) og Kreml (Moskva), for å avklara eventuelle misforståingar.
  • Khrusjtsjov tapte mykje status i Sovjetunionen, mens Kennedy sin status auka i USA.
  • Sovjetunionen, USA og Storbritannia skreiv i 1963 under på ein avtale om forbod mot prøvesprenging med kjernefysiske våpen i atmosfæren, det ytre verdensrommet og under vatnet. Seinare blir òg ikkjespreiingsavtalen for atomvåpen vedtatt. Avtalen betydde at berre USA, Sovjetunionen, Storbritannia, Frankrike og Kina fekk lov til å ha atomvåpen, men måtte avskaffa desse på sikt, og ingen nye statar skulle få skaffa seg atomvåpen.
  • Forholdet mellom USA og Cuba var anstrengt i fleire tiår etter Cuba-krisa. USA nekta å handla med Cuba, og prøvde å få andre land til å gjera det same. Då Barack Obama var president i USA jobba han for å betra forholdet mellom dei to landa, men då Donald J. Trump tok over som president i USA, fekk han USA til å gå tilbake på fleire at tiltaka som Obama fekk gjennom.
Test deg sjølv:
Fordjupingsoppgåver:
  1. Somme historikarar er usamde om kvifor Khrusjtjov eigentleg ville plassera atomvåpen på Cuba. Drøft om missila blei plasserte der med eit defensivt eller offensivt føremål? Grunngje svaret ditt.
  2. Etter den mislukka invasjonen av Grisebukta, måtte USA visa styrken sin igjen. Var president John F. Kennedy si avgjerd om å blokkera skipstrafikken til Cuba ei riktig avgjerd, eller burde han prøvd å løysa krisa militært, slik mange av rådgjevarane hans føreslo? Korleis kan løysinga av krisa vera eit teikn på at dei rette folka hadde ansvaret til rett tid?
  3. Kva avgjerd hadde du tatt, viss du var éin av dei tre offiserane om bord på den sovjetiske atomubåten som ble råka av ei synkebombe? Hadde du stemt for å skyta ut atomtorpedoen, eller hadde du gjort som Vasilij Archipov, og stemt imot dei andre offiserane? Kvifor hadde du kome fram til denne avgjerda?
  4. Under finn du éin av fleire instruksjonsfilmar som blei produserte på 1950-talet, der skulebarn i USA blei lærte opp til å gøyma seg under pultane når alarmen gjekk. Korleis trur du trusselen om atomkrig påverka kvardagen til folk i Nord-Amerika og Europa?

Kjelder:

John F. Kennedy Presidental Library and Museum. 10 days in October: The World on the Brink: John F. Kennedy and the Cuban Missile Crisis. Henta 28. januar 2018 frå http://microsites.jfklibrary.org/cmc/oct16/
Jordan, Matthew A. (26.09.2016). The history of the Cuban Missile Crisis. Ted-Ed. Henta 26. januar 2018 frå https://ed.ted.com/lessons/the-history-of-the-cuban-missile-crisis-matthew-a-jordan
Njølstad, Olav. (1993) Cuba-krisen 1962. Oslo: Institutt for forsvarsstudier.
Skjønsberg, Harald. (2008) Undervegs: Historie 10: Samfunnsfag for ungdomssteget. Oslo: Gyldendal Undervisning.
Tvedt, Knut Are og Knudsen, Olav Fagelund. (11.10.2017). Cubakrisen. I Store norske leksikon. Henta 28. januar 2018 frå https://snl.no/Cubakrisen

 

Sist oppdatert:

Kategori:

Samfunn, politikk og kultur, Samfunnsfag

Forfattar:

Meny