Demokratiet i Noreg

Røtene til det norske demokratiet strekk seg langt attende i tid. Allereie før år 800 møttest frie menn til allting, mellom anna for å diskutere rettslege og politiske saker. Likevel skulle vegen til allmenn røysterett for både menn og kvinner bli svært lang.

Gjennom denne artikkelen vil eg sjå på dei ulike hovudpunkta i demokratiseringa av Noreg. I fare for å gå for mykje i djupna, vil eg ikkje drøfta meir enn naudsynt kring dei ulike hovudmomenta, men vel heller å sjå på dei lange linene frå 800-talet og fram til i dag. Ved å sjå på dei største hendingane i demokratiseringsprosessen vonar eg å finna ut kva som var det største høgdepunktet i utviklinga av det norske demokratiet, dersom det i det heile teke var noko høgdepunkt.

Tingordninga

Håkon ”den gode” Adalsteinfostre samarbeidde med bøndene om å oppretta dei nye lagtinga, Gulating og Frostating. Denne illustrasjonen etter Christian Krohg syner kong Håkon I til høgre, der han talar på tinget til trøndarane. (Kjelde: www.nrk.no)
Håkon ”den gode” Adalsteinfostre samarbeidde med bøndene om å oppretta dei nye lagtinga, Gulating og Frostating. Denne illustrasjonen av Christian Krohg syner kong Håkon I til høgre, der han talar på tinget til trøndarane. (Kjelde: www.nrk.no)

Ein reknar med at det har vore ting i dei fleste norske bygder i første helvta av 800-talet. Tinget som institusjon har tradisjonelt sett vore folkeleg i sitt opphav, då ein ikkje trengde særskilte makthavarar (som kongar eller jarlar) for å etablere ei tingordning.

Tinga var etter nordmennene si oppfatning ein naturleg og naudsynt del av livet i samfunn der ein levde saman med andre menneske. Alle bønder innanfor det aktuelle tingområdet hadde møteplikt, og ordninga vert difor kalla allting. Unnataket for møteplikta gjaldt enkjer som dreiv eigne gard og menn som dreiv garden sine utan eldre mannshjelp enn ein femtenårig unggut. (Sigurðsson 2006:23 og Krag 2007:97)

Bygdetinga har mellom anna vore arena for å diskutere rettslege og politiske saker som gjaldt heile bygda. Organet fungerte der ein trengde politisk rådslåing eller konfliktar skulle løysast. Historikarane er i tvil om korleis alltinga var organiserte, men går ut frå at majoriteten av tinga var leidde av dei lokale hovdingane, medan nokre av tinga kan ha vore organiserte på eit regionalt nivå ut i frå dei opphavlege folkegruppene. Etter alt å dømma har det nok ikkje eksistert ei einsarta tingordning på eit regionalt nivå for heile landet. Dei større alltinga kunne truleg gje lover og vedtekter for sine tingområde på 800- og 900-talet.

Krag meiner at det i utgangspunktet ikkje har vore nokon samanheng mellom tingorganiseringa og den gryande rikssamlinga på 800-talet. Harald Hårfagre brukte militær makt til å gå i spissen for rikssamlinga, og opererte truleg i første rekkje på andre plan enn det rettslege. Likevel vil det i eit større historisk perspektiv vere uklokt å avvisa samanhengen mellom utviklinga av tinginstitusjonen og rikssamlinga. Sjølv om Harald Hårfagre sine erobringar ikkje fekk særleg påverknad for tingorganisasjonen, vart det større endringar når sonen hans, Håkon ”den gode” Adalsteinfostre kom til makta. (Ibid.)

Håkon innleidde samarbeid med bøndene og endra dermed farens kongedømme på viktige punkt. Denne meir fredelege kongerolla gjorde det lettare for kongen å få påverknadskraft i rettspleia og tingordninga. Det var truleg gjennom Håkon sitt samarbeid med bøndene at ein fekk oppretta dei nye lagtinga Gulating og Frostating, og etter kvart vart tinga i dei to lagdømma omgjorde frå allting til representasjonsting. På 900- og 1000-talet var det årmennene og/eller lendmennene i kvart distrikt som utpeika utsendingar til lagtinga, medan det i seinare tid vart dette sysselmannen si oppgåve.

I paragraf tre i Olavsteksten (tilskriven Olav den heilage) av Gulatingslova står det at kring 400 nemndemenn for heile lagdømmet skulle delta på tinget. Av dei skulle 102 vere frå Hordafylket, 102 frå Rygjafylket, 80 frå Firdafylket, 64 frå Sygnafylket, 27 frå Egdefylket og «så mange som vil» frå Sunnmøre. I kong Magnus V sin redaksjon av Gulatingslova frå kring 1160 vart talet på nemndemenn redusert til 246.

Når lagtinget var samla vart det avsagt dommar og utarbeidd lover for landsdelen. Den lovkunnige lagmannen leidde arbeidet. Han sa fram lovene og tolka dei, før tinga fatta vedtaka sine. Dagens storting har mange element sams med det gamle lagtingsordninga, men når kongen møtte på tinget med hirda si, fekk han det truleg oftast slik som han sjølv ville. Likevel syner lagtingsordninga at bøndene såg seg tente med eit kongedømme som sikra lov og orden og bidrog til å forsvara dei mot ytre fiendar. Samstundes var ordninga med på å styrkja rikskongedømmet og prestisjen til hårfagreætta. (Sigurðsson 2006:75-76,137, Krag 2007:97-98 og Libæk 2001:337)

Einevaldstida

Den dansk-norske kongen, Fredrik III, nytta sjansen til å gjere seg sjølv til eineherskar i Danmark-Noreg. Kongens makt som eineherskar gjekk i arv heilt til 1814, då kong Fredrik VI  blei tvungen til å seia frå seg Noreg til svenskekongen.
Den dansk-norske kongen, Fredrik III, nytta sjansen til å gjere seg sjølv til eineherskar i Danmark-Noreg. Kongens makt som eineherskar gjekk i arv heilt til 1814, då kong Fredrik VI blei tvungen til å seia frå seg Noreg til svenskekongen.

Noreg kom i 1380 inn i personalunion med Danmark, og seinare med Sverige. Sverige braut ut av unionen i 1523 og riket vart heitande Danmark-Noreg. Før 1660 styrte den dansk-norske kongen saman med det adelege danske riksrådet. Kongen kunne ikkje ilegga skattar, erklæra krig, slutta fred eller gje lover utan samtykkje frå dette rådet. Riksrådet valte også ny konge, så det var svært mektig når ein konge døydde.

Denne styreforma kan med stor tryggleik ikkje tolkast som særleg demokratisk. Adelen høyrde til overklassa, og bestod etter tilhøva av eit tynt sjikt av innbyggjarane. Likevel hadde riksrådet makt til å strama kongen sine taumar, noko som sjølvsagt er mykje betre enn ein eineherskar. Adelen hadde også stor påverknadskraft i statsadministrasjonen. Det var berre danske adelsmenn som fekk toppstillingar, og på den måten kunne denne fåtallige gruppa kontrollera sentrale maktposisjonar. Ei gruppe av rike borgarar i København skulle bli det største trugsmålet mot riksrådet og adelen. Saman med rikfolk i utlandet hadde dei lånt pengar til kongen under krigane mot Sverige, og etter freden ynskja desse å ta del ei statsstyret for å sikra sine eigne økonomiske interesser.

Den dansk-norske kongen, Fredrik III, kalla saman danske adelsmenn, borgarar og prestar til eit stendermøte i København etter freden i 1660. På dette møtet fekk dei rikaste borgarane prestane og resten av borgarane med seg på eit forslag om at Fredrik III og hans etterkommarar skulle få arverett til Danmark-Noreg. Dermed ville riksrådet mista retten til å velja konge, og ha små høve til å pressa fram strenge handfestingar. Kongen og tilhengjarane hans meinte at krigsnederlaga synte at Danmark-Noreg trengte ei sterkare statsmakt. I tillegg visste han at adelen var upopulær i København, så han valte å slå til. Kongen gav ordre om å stenga byportane, og lojale leigesoldatar heldt vakt. Riksrådet og resten av adelen var no sperra inne i ein fiendtlig by, og nederlaget vart fullstendig: Dei såg seg nøydde til å tilby kongen arveretten til kongeriket, og gav han handfestinga attende.

Krona på verket til kong Fredrik III kom då resten av dei danske stendene vedtok at han skulle avgjerde korleis rika skulle styrast i framtida. Dermed greip kongen sjansen og sikra seg einevaldsmakt. Dette vart ein kolossal nedtur for demokratiet: I praksis tydde dette at kongen uavhengig av andre kunne avgjere alt i Danmark-Noreg. Makta til adelen var broten, og den eineveldige styreforma vart fastslegen i kongelova av 1665, som vart Noregs grunnlov fram til 1814. (Libæk 2001:399-401)

1814 og grunnlova

I seks hektiske veker på vårparten i 1814 var 112 menn samla på Eidsvoll Verk. Dei laga dåtida mest liberale grunnlov, erklærte Noreg for ein uavhengig nasjon og valte eigen konge. (Kjelde: www.eidsvoll1814.no)
I seks hektiske veker på vårparten i 1814 var 112 menn samla på Eidsvoll Verk. Dei laga dåtida mest liberale grunnlov, erklærte Noreg for ein uavhengig nasjon og valte eigen konge. (Kjelde: www.eidsvoll1814.no)

Frå siste halvdel av 1700-talet og fram mot innføringa av parlamentarismen i 1884, gjekk Noreg gjennom ein kulturell, sosial, politisk og økonomisk revolusjon. Den eineveldige danskekongen regjerte i Danmark-Noreg fram til 1814, og sytti år seinare var regjeringa avhengig av tillit frå fleirtalet i Stortinget for å kunne bli sitjande.

I dei turbulente tidene kring oppgjøret etter napoleonskrigane, nytta 112 nordmenn høvet til å samlast på Eidsvoll for å utarbeida ei framtidig grunnlov for eit sjølvstendig Noreg. Det vart utarbeidd ei rekkje grunnlovsutkast, og det meste var hastverksarbeid. Dei fleste utkasta vart skrivne av embetsmenn, men nokre av utkasta stod også bønder og borgarar bak. Grovt sett kan ein skilja utkasta i to hovudgrupper, anten med røter i den paternalistiske tradisjonen frå eineveldet, eller med røter i liberal europeisk tradisjon.

Førstnemnde vart stort sett støtta av bønder og borgarar som ynskte ei nasjonalforsamling som talerøyr for folket. Kongen skulle etter desse utkasta vere plikta til å høyre på nasjonalforsamlinga, men ikkje vere bunden av den. Derimot tenkte dei seg ei vid røysterett, og eit framlegg gjekk inn for røysterett til alle menn.

Somme embetsmenn og større næringsdrivande ynskte ei deling av makta mellom konge og folkevalde, der nasjonalforsamlinga skulle vere sjølvstendig. Slike tankar var i stor grad inspirerte av 1789-revolusjonen i Frankrike. Tilhengjarane av denne maktfordelingsmodellen ville i motsetnad til borgarar og bønder berre gje røysterett til ein elite i folket.

Som me veit vart den endelege grunnlova vedteken med prinsipp om både maktdeling og vid røysterett. Den norske grunnlova var i si samtid den mest demokratiske forfatninga i verda: Alle menn over 25 år som anten hadde vore busette i landet meir enn 5 år, hadde vore embetsmenn, åtte eller leigde matrikulert jord for meir enn 5 år, hadde borgarskap i by, eller åtte hus eller grunn i by verd minst 300 riksbankdalar var kvalifiserte til val og hadde såleis røysterett. Det vil seie at heile 45 % av alle menn hadde røysterett, men dette tilsvarte berre 10 prosent av folket. Røysterett for kvinner var det framleis ikkje snakk om. Likevel var dette langt meir enn røysteretten i noko anna land i samtida. Til samanlikning hadde berre 20 % av vaksne menn røysterett i England etter valreforma i 1832. 4. november vart ei revidert utgåve av grunnlova vedteken, for å tilpassa det faktum at Noreg no var tvungen inn i personalunion med Sverige. Dei viktigaste prinsippa vart likevel uendra, og la grunnlaget for det norske sjølvstendet i 1905 og utviklinga av norsk demokrati. (Pryser 2006:204-205)

Parlamentarismen

Etter 1814-grunnlova skulle den politiske makta i Noreg vere delt mellom kongen og Stortinget, men regjeringa var uavhengig av samansetjinga av Stortinget. Kongen valte sjølv dei han ville ha som rådgjevarar, og desse utgjorde regjeringa. I 1884 vart det derimot slutt på dette, då kongen måtte gje etter for kravet om at ei regjering skulle ha støtte av eit fleirtal i Stortinget. Dette systemet vert kalla parlamentarisme.

Embetsmennene dominerte norsk politikk i regjeringa og Stortinget i åra etter 1814. I historisk perspektiv omtalar ein perioden 1814-1884 som embetsmannstaten, for å skildra embetsmennene si einerådande politiske stilling i perioden. Kongen i unionsrika Noreg og Sverige, Carl Johan, prøvde å skaffa seg meir makt mot at makta til Stortinget skulle reduserast. Embetsmennene forsvarte Grunnlova og norsk sjølvråderett, og gjekk mot kongen på desse punkta.

Frå gammalt av var Stortinget samla nokre månader kvart tredje år, og i mellomtida kunne regjeringa i praksis styre landet åleine. Ettersom det vart fleire saker å arbeide med føreslo regjeringa i 1869 at Stortinget skulle møtast årleg. Stortinget slutta seg til forslaget frå regjeringa, og fekk dermed auka makta si i høve til konge og regjering. No vart det i praksis høve til å føra ein samanhengande opposisjonspolitikk frå Stortinget si side, og Johan Sverdrup skulle frå 1870 bli ein leiande politikar for opposisjonen mot regjeringa.

Sverdrup ynskte ei styrkinga av makta til Stortinget, i tråd med maktfordelingsprinsippet som var nedfelt i grunnloven. Saman med tilhengarane sine sette han krav om at statsrådane skulle møte i Stortinget og delta i forhandlingane. Den overordna målsetjinga var truleg at kongen skulle peika ut statsrådar som Stortinget kunne samarbeide med, og at regjeringa dermed ikkje kunne føra ein politikk som gjekk på tvers av Stortingets vilje. I 1872 fatta Stortinget eit grunnlovsvedtak om statsrådanes møterett i Stortinget, men regjeringa frårådde kongen i å sanksjonera vedtaket. Dermed oppstod vetostriden.

Grunnloven sa nemleg at kongen hadde utsetjande veto i vanlege lovsaker, og dersom den same lovteksten vart vedteken av tre ulike storting, skulle den gjerast gjeldande. Det står derimot ikkje noko om kongen sin vetorett når sjølve grunnloven skulle endrast.

Fram til 1880 gjorde tre ulike storting likelydande vedtak om møteretten til statsrådane, men kong Oscar II nekta å sanksjonera kvar gong. 9. juni 1880 gjekk Stortinget inn for at vedtaket om statsrådanes møterett var norsk lov, og oppmoda kongen til å ta vedtaket til følgje. Vedtaket vakte strid og uro, og statsministeren søkte avskjed. Christian August Selmer avløyste Frederik Stang, og med Selmer som statsminister vart det gjort klart at det var regjeringa og ikkje opposisjonen som skulle styra landet. Sverdrup og støttespelarane hans måtte dermed tenkja nytt.

Sverdrup planla å stilla regjeringa Selmer for riksrett, fordi den ikkje tok omsyn til stortingsfleirtalet. Odelstinget reiser tiltale i riksrettssaker, medan Lagtinget dømmer saman med Høgsterett. For å sikra seg at ei eventuell riksrettssak skulle gå i deira retning, var det naudsynt at Lagtinget vart fylt opp med så mange Sverdrup-tilhengjarar at dei fekk fleirtal i riksretten.

Stortingsvalet i 1882 vart det første som kan kallast eit norsk partival. To grupper stod mot einannan, og hovudsaka i valkampen var tillit eller mistillit til den sitjande regjeringa. Venstresida vann ein knusande siger, og gjekk dermed inn i alle plassane i Lagtinget. I tillegg fekk dei også fleirtal i Odelstinget. Dommen i riksretten fall våren 1884, og pressa kongen til å gje statsminister Selmer avskjed. Kongen ville ikkje gje slepp på den uavhengige regjeringsmakta, og utnemnde difor ei ny regjering utan å samrå seg med stortingsfleirtalet. Denne framstøyten vart mislukka, då den nye regjeringa vart avvist av Stortinget. Etter eit par månader gav kongen etter for riksrettsdommen og stortingsfleirtalet, og bad Sverdrup om å danna regjering. Ved danninga av regjeringa Sverdrup kom også gjennombrotet for parlamentarismen i Noreg.

Parlamentarismen førte ikkje til endringar i grunnlova, men ein ny statsskikk vart gjort retningsgjevande. Det parlamentariske systemet innebar også at den uavhengige regjeringsmakta vart erstatta av eit utøvande organ som skulle vere utgått av eit fleirtal i Stortinget. I samband med denne auka demokratiseringa vedtok også Stortinget ei forsiktig utviding av røysteretten i 1884, men framleis låg denne retten hjå eit mindretal av den mannlege folkesetnaden. (Libæk 2002:54-56, 58, 60-63)

Vegen mot likestilling

Allmenn røysterett for menn vart vedteken ved stortingsvalet i 1898, men det skulle framleis ta ei tid før kvinnene fekk allmenn røysterett.

På 1800-talet fekk kvinnene utvida fleire av sine juridiske rettar. Frå 1854 kunne dei arva på lik line med brødrene sine, berre med unnatak av odelsgardar. Ti år seinare vart også ugifte kvinner myndiggjorde. Gifte kvinner stod derimot framleis under mannen sitt formyndarskap, og dei hadde ikkje disposisjonsrett over eigen formue før i 1888. Mannen skulle derimot styra parets felleseige.

Opp gjennom 1800-talet vaks det fram kvinnerørsler som kjempa for likestilling, og moglegheitene for at kvinner kunne få seg ein embetskarriere vart opna i byrjinga av 1900-talet. Geistlege og militære embete var framleis stengde.

I 1901 fekk kvinner inntektsavgrensa røysterett ved kommuneval. Kvinnene hadde ikkje røysterett ved folkerøystinga i samband med unionsoppløysinga, men den formidable innsatsen med å samla inn kring 250.000 underskrifter styrka truleg kvinnene si sak. I 1909 fekk nokre kvinner delta også i stortingsval, og frå 1910 hadde kvinnene allmenn røysterett ved kommuneval. Etter forslag frå regjeringa vedtok eit samrøystes storting i 1913 at kvinner skulle ha røysterett på same vilkår som menn. Då var det gått to år sidan den første kvinna hadde møtt på Stortinget som vararepresentant, og den første faste kvinnelege stortingsrepresentanten vart valt inn i 1921. (Nerbøvik 2007:174 og Libæk 2002:68,70)

Direkte demokrati: Folkerøystingane

Eid kyrkje blei brukt som vallokale i Eid kommune  i Sogn og Fjordane ved folkerøystingane i 1905. Dette biletet er frå folkerøystinga på spørsmålet om unionsoppløysinga. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv. (Kjelde: www.sffarkiv.no)
Eid kyrkje blei brukt som vallokale i Eid kommune i Sogn og Fjordane ved folkerøystingane i 1905. Dette biletet er frå folkerøystinga på spørsmålet om unionsoppløysinga. Kyrkja var pynta med flagg, blomekransar og bjørkelauv. (Kjelde: www.sffarkiv.no)

Grunnlova seier ingenting om folkerøystingar, men det er Stortinget som avgjer om ei sak er så viktig at ho bør leggjast fram for folket gjennom ei folkerøysting. I nyare norsk historie har det vore seks folkerøystingar, men ingen av dei har vore bindande. Politikarane er ikkje nøydde til å ta omsyn til avrøystingsresultatet, men det kan vere greitt å få ein rådgjevande peikefinger av folket.

Statsministeren, Christian Michelsen, hadde alt i si hole hand etter 7. juni-vedtaket om unionsoppløysinga i 1905. Regjeringa fekk etter kvart nyss om at svenskane ville ha konkrete prov på at nordmennene stod bak dette vedtaket. I all hast vart det ordna med ei folkerøysting som gav eit overveldande tillitsvolum til 7. juni-regjeringa: 13. august 1905 røysta 368.208 ja på spørsmålet om dei godkjende unionsoppløysinga, medan det berre var 184 som røysta nei. Kvinnene hadde ikkje røysterett på denne tida, men likevel skreiv 244.765 kvinner under på eit opprop om å støtta vedtaket om unionsoppløysing.

I tida kring 1905 stod den republikanske nasjonalismen sterkt i Noreg. For å avgjere kva styreform landet skulle ha vart det arrangert ei folkerøysting til. 12. og 13 november avgjorde denne folkerøystinga at den frie nasjonen skulle vere eit monarki. (259.563 røysta for monarkiet og 69.264 røysta mot..) Avrøystinga om republikk-monarki var i røynda eit forretta norsk politisk drama. Det handla om «realpolitikk» versus «idépolitikk», om samanheng eller brot, i det heile om tolkinga av det som hadde skjedd både i 1905 og i sida før. (Nerbøvik 2007:212-213)

I 1919 og 1926 vart det arrangert folkerøystingar på spørsmålet om forbod mot brennevin. Desse folkerøystingane var ikkje noko stort gjennombrot for folkerøystingane, men dei må også nemnast: I 1919 svarte 62 prosent av dei frammøtte ja til å innføra forbod mot brennevin og sterk heitvin i Noreg. Sju år seinare vart det 56 prosent fleirtal for å oppheva dette forbodet.

Etter forbodsavrøystingane gjekk det heile 46 år før folket igjen vart spurde om råd gjennom ei ny folkerøysting. Denne gongen gjaldt saka medlemskap i EF. Etter ei dramatisk valnatt i 1972 vart det klart at 53,5 prosent røysta imot medlemsskap. Trygve Bratteli (Ap) gjekk av som statsminister fordi folket ikkje følgde rådet frå regjeringa i EF-saka. Også i 1994 vart det nei-fleirtal om EU-medlemsskap. (Tinget/www.tinget.no)

Oppsummering

Det norske demokratiet har sitt opphav attende til alltinga på 800-talet. Etter kvart utvikla dette seg til å bli lagting der ein sendte ut representantar frå kvart distrikt, omtrent som dagens ordning med både storting og kommunestyre. Sjølv om kongens nærvere på lagtinga kunne vere eit hinder for demokratiet, var tingordninga eit godt grunnlag for det framtidige norske demokratiet.

Den norske grunnlova av 1814 markerte overgangen frå einevelde til ei ”monarkisk-demokratisk” forfatning i Noreg. Før 1814 hadde Noreg vore styrt av eit par tusen embetsmenn og den eineveldige danskekongen. Med grunnlova i 1814 fekk byborgarar og bønder rett til å ta del i det politiske livet, men embetsmennene heldt grepet om Noreg også etter 1814. Sjølv om adelen var avskaffa, dominerte embetsmenn både Stortinget, regjering og forvalting, men demokratiseringa skaut fart igjen frå 1830-åra, først ved at dei andre gruppene gjorde bruk av røysteretten til å ta makt i Stortinget..

Då parlamentarismen vart innført i 1884, vart regjeringa avhengig av fleirtalet i Stortinget. Embetsmennenes maktmonopol vart brote, og makta i samfunnet vart i større grad flytta over til folkevalde organ. Deretter blei røysteretten gradvis utvida, til også alle kvinner var kom med i 1913. Parallelt med demokratiseringa voks det fram eit krav om full lausriving frå Sverige, og unionen blei oppløyst i 1905. For å legitimera unionsoppløysinga fekk alle med røysterett høve til å seie kva dei mente i saka, og det overveldande resultatet vart truleg brukt som eit maktmiddel i Karlstad-forhandlingane.

Noreg var blant dei landa der kvinnene fekk røysterett tidleg. I nordisk og europeisk samanheng var Finland først, med allmenn røysterett for både menn og kvinner i 1906. Ved innføringa av allmenn røysterett for kvinner i 1913, var ein komen fram til det demokratiet ein har i dag.

Ved folkerøystinga i 1972 kom truleg det største gjennombrotet i norsk demokrati sidan 1814. Folket fekk seie si meining gjennom direkte demokrati, og folkerøystinga førde tilmed til at statsministeren gjekk av grunna mangel på støtte blant folket. Både i 1972 og 1994 var det fleirtal i folket mot eit forslag som hadde fleirtal på Stortinget.

I dag er det norske demokratiet sett saman som eit indirekte demokrati, der representantar frå folket styrer. Dette prinsippet hadde ein også ved tingordninga attende til vikingtid og mellomalder. Somme gonger i nyare tid har ein også hatt innslag av direkte demokrati, ved rådgjevande folkerøystingar.


Litteratur

Furre, Berge: Norsk historie 1914-2000: Industrisamfunnet – frå vokstervisse til framtidstvil (Oslo, 2007).

Borgersrud, Lars: Årstall og holdepunkter i norgeshistorien (Oslo, 2002).

Hagemann, Gro: Aschehougs Norgeshistorie; ix: Det moderne gjennombrudd 1870-1905 (12 band, Oslo, 2007).

Kleppa, Hermund red.: 1905 – “Då Noreg vann sitt fulle politiske sjølvstende” (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 2005).

Knutsen, Gunnar W.: Lange linjer i historien (Oslo, 2006).

Krag, Claus: Aschehougs Norgeshistorie; ii: Vikingtid og rikssamling 800-1130 (12 band, Oslo, 2007).

Libæk, Ivar m.fl.: Historie 1: Verden og Norge før 1850 (Oslo, 2001).

Libæk, Ivar m.fl.: Historie 2: Verden og Norge etter 1850 (Oslo, 2002).

Libæk, Ivar og Stenersen, Øyvind: Norges historie – Fra istid til i dag (Lysaker, 2007).

Nasjonalbiblioteket: ”Var 7. juni-beslutningen revolusjonær?” (www.nb.no, 2005). Lokalisert 12.05.2009 på verdsveven: http://www.nb.no/baser/1905/tema_7juni.html

Nerbøvik, Jostein: Norsk historie 1860-1914: Eit bondesamfunn i oppbrot (Oslo, 2007).

Pryser, Tore: Norsk historie 1814-1860: Frå standssamfunn mot klassesamfunn (Oslo, 2006).

Seip, Anne-Lise: Aschehougs Norgeshistorie; viii: Nasjonen bygges 1830-1870 (12 band, Oslo, 2007).

Sigurðsson, Jón Viðar: Norsk historie 800-1300: Frå høvdingmakt til konge- og kyrkjemakt (Oslo, 2006).

Tinget: ”Folkerøystingar” (www.tinget.no, 2005). Lokalisert 14.05.2009 på verdsveven: http://www.tinget.no/nn/Hovedmeny/demokrati-og-makt-nynorsk/Folkeroystingar/

Sist oppdatert:

Kategori:

Samfunn, politikk og kultur, Samfunnsfag

Forfattar:

Meny