Den amerikanske revolusjonen

I dag er USA rekna som eit av dei mektigaste landa i verda, men for ca. 250 år sidan var ikkje USA eit sjølvstendig land.

Starten på USA var at dei tretten koloniane som Storbritannia hadde på austkysten av Nord-Amerika, erklærte seg sjølvstendige og brukte idéar og tankar frå opplysningstida til å skriva verdas eldste grunnlov som fortsatt er i bruk.

Årsaker

Dagens USA med dei tretten opphavlege koloniane merka med raudt. (Illustrasjon: Connormah/Wikimedia Commons)

  • Storbritannia hadde brukt mykje pengar på å kriga mot Frankrike, både i Europa og i Nord-Amerika, så det britiske parlamentet kravde nye avgifter på kjøp og sal av varer mellom Storbritannia og dei tretten koloniane.
  • Innbyggjarane i dei tretten koloniane nekta å betala dei auka avgiftene, og meinte at Storbritannia ikkje kunne krevja meir pengar frå dei utan at innbyggjarane i koloniane òg blei lytta til.
  • Etter kolonikrigen var ikkje Frankrike lenger eit trugsmål, slik at kolonistane ikkje lenger trengde beskyttelse frå Storbritannia.
  • Kolonistane trengde større plass til ei stadig aukande befolkning, og ønskte å ta over nye landområde vest for dei opphavlege koloniane, men moderlandet Storbritannia hindra dei i dette.
  • I starten kom det stort sett britar til koloniane på austkysten av Nord-Amerika, men etter kvart kom det òg kolonistar frå mange fleire land. Nesten 150 år etter dei første nybyggjarane gjekk i land, var det få av nybyggjarane som kjende seg britiske, og banda til Storbritannia blei stadig meir svekka.

Verknader

  • Den amerikanske revolusjonen inspirerte mange i Europa, og europearane beundra USA for det dei hadde gjort. Fleire franskmenn trekte fram dei same tankane om fridom, fornuft og framskritt, gjennom revolusjonen i Frankrike i perioden 1787–1799.
  • I fleire koloniar i Latin-Amerika blei innbyggjarane inspirerte av den amerikanske revolusjonen, og gjorde opprør mot kolonimaktene Spania og Portugal.
  • Sjølvstendeerklæringa sine ord om at «alle menneske er fødde like» med rett «til liv, til fridom og til å søkja etter lykka», gjorde at USA blei oppfatta som eit land der fridom òg handla om å ha moglegheiter for ei betre framtid. Dette førte til at fleire europearar utvandra til USA.

 

Kjelder:

Den amerikanske revolusjon (11.12.2017). I Wikipedia. Henta 29.12.2017 frå https://no.wikipedia.org/wiki/Den_amerikanske_revolusjon

Greve, Tim m.fl. (17.10.2017). Kolonialisme. I Store norske leksikon. Henta 6. desember 2017 frå https://snl.no/kolonialisme.

Koloni. (18.11.2014). I Store norske leksikon. Henta 16. januar 2018 frå https://snl.no/koloni.

Nomedal, Jon Harald. (2016). Kosmos 8: Samfunnsfag for ungdomstrinnet. Bergen: Fagbokforlaget.

Selliaas, Arnt-Erik (red.). Kapittel 1: Opplysningstid og revolusjoner. Historie Vg3. Cappelen Damm. Henta 06.12.2017 frå http://historievg3.cappelendamm.no/c308130/sammendrag/vis.html?tid=321385

Sirevåg, Torbjørn. (07.04.2017). Den amerikanske uavhengighetserklæringen. I Store norske leksikon. Henta 16. januar 2018 frå https://snl.no/Den_amerikanske_uavhengighetserkl%C3%A6ringen.

Sirevåg, Torbjørn & Julsrud, Ottar. (01.10.2017). USAs historie. I Store norske leksikon. Henta 5. januar 2018 frå https://snl.no/USAs_historie.

Skjønsberg, Harald. (2006). Undervegs: Historie 8. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

The Boston Tea Party. (29.09.2017). I Store norske leksikon. Henta 19. desember 2017 frå https://snl.no/The_Boston_Tea_Party.

Tranøy, Knut Erik & Stigen, Anfinn. (11.07.2017). Opplysningstiden. I Store norske leksikon. Henta 16. januar 2018 frå https://snl.no/opplysningstiden.

Publisert i Samfunn, politikk og kultur, Samfunnsfag.

Morten Hetland

Morten er adjunkt og IKT-ansvarleg ved Hjelmeland ungdomsskule, og har undervist i samfunnsfag, norsk, naturfag, musikk og valfaget sal og scene. Elles har han vore instruktør i Hjelmeland Teater sidan 2012.