Elektromagnetisk stråling

Augene våre kan registrera lys som anten kvitt lys eller ulike fargar. Me kan sjå blå himmel om dagen og raud solnedgang om kvelden, eller alle fargane i regnbogen på likt. Dette blir kalla synleg lys.

Synleg lys er eigentleg stråling med bølgjelengd mellom ca. 380 og 700 nanometer. I tillegg har me «usynleg lys», som for eksempel røntgenstråling, ultrafiolett (UV) stråling, infraraud stråling, varmestråling og radiobølgjer. Ei samnemning på desse stråletypane er elektromagnetisk stråling:

(Illustrasjon: Morten Hetland)

Elektromagnetisk stråling har ulike bølgjelengder. Menneskeaugene kan registrera synleg lys med bølgjelengd mellom ca. 380 og 700 nanometer. Radiobølgjer har til dømes mykje lengre bølgjelengd, og er dermed svakare enn synleg lys. Røntgenstråling har mykje kortare bølgjelengd, og er dermed så kraftig at den kan stråla gjennom musklar og vev og visa eit klart bilete av skjelettet vårt.

Når me veit at synleg lys er elektromagnetisk stråling mellom ca. 380 og 700 nanometer, kan me forklara fargar: Dei ulike fargane er synleg lys med bestemte bølgjelengder innanfor spekteret til synleg lys. Altså har til dømes dei ulike variantane av blått bølgjelengd mellom ca. 450-500 nm. Fargen grøn har bølgjelengd ca. 530-540 nm og gult ca. 570 nm, mens dei ulike variantane av raudt ligg frå rundt ca. 620 nm til 700 nm.

Fargar

Kjelder:

Fløttre, Nils H. (05.08.2016). Innleiing – elektromagnetisk stråling NDLA. Henta 21.10.2016 frå https://ndla.no/nn/node/28525?fag=7.
Holtsmark, Torger. (09.12.2015). Farge. Store norske leksikon. Henta 21.10.2016 frå https://snl.no/farge.

Creative Commons-lisens Attribution-ShareAlikeDel

Sist oppdatert:

Kategori:

Lys, syn og fargar, Naturfag

Forfattar:

Meny
×

Slik bruker du tekst frå artikkelen

Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår. Hugs å visa til forfattaren og Nettskulen.no som kjelde når du gjenbruker teksten.

Dersom du har spørsmål om bruk av innhaldet vårt, kontakt oss på e-post post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-ShareAlikeCreative Commons Attribution-ShareAlike
Elektromagnetisk stråling