Elektromagnetisk stråling

Augene våre kan registrera lys som anten kvitt lys eller ulike fargar. Me kan sjå blå himmel om dagen og raud solnedgang om kvelden, eller alle fargane i regnbogen på likt. Dette blir kalla synleg lys. Synleg lys er eigentleg stråling med bølgjelengd mellom ca. 380 og 700 nanometer. I tillegg har me «usynleg lys», […]

Energi

I simuleringa under kan du utforska samanhengen mellom potensiell og kinetisk energi i ulike forsøk med pendlar:

Forsøk: Følg ei oppskrift

Når me gjer eit forsøk i naturfag, har me gjerne tenkt ut kvifor me trur ting heng saman, og korleis forsøket vil gå. Det kallar me å laga ein hypotese. Forsøket kan gå slik me trudde, eller det kan visa seg at hypotesen ikkje heldt, og me må laga nye hypotesar og gjera nye forsøk.I naturfag […]

Forsøk: Framstilling av acetylengass

Acetylen er eit anna namn på etyn (C2H2). Gassen brenn med ein sterk lysande flamme. Ei blanding av acetylen og luft er svært eksplosiv.Acetylen kan lagast ved å la kalsiumkarbid reagera med vatn. I seinare tid har det òg blitt vanleg å laga acetylen av olje.Tidlegare blei acetylen mest brukt som lysgass i karbidlykter, men […]

Forsøk: Pasteurisering av mjølk

Mjølk som blir selt i butikken er pasteurisert. Det betyr at mjølka er varmebehandla, slik at dei fleste bakteriane er drepne. Meieria bruker lågpasteurisering, der mjølka blir varma opp til 72 °C i 15 sekund. I dette forsøket skal me varma opp mjølka til lenger, og til litt høgare temperatur, så me er på den […]

Forsøk: Undersøk «mikroverda»

Den enklaste mikroskop-typen blei tatt i bruk på 1500-talet, og førte til store forandringar for naturvitskapen: Menneska kunne plutseleg studera detaljar som ikkje var synlege for berre augo.Nysgjerrige menneske fekk ein ny måte å utforska naturen på, og ved hjelp av mikroskopet blei det oppdaga ørsmå organismar som ingen før hadde visst om. Legg objektet du vil undersøka på objektbordet […]

Forsøk: Undersøking av alkoholar

Alkoholar er ei stor gruppe av kjemiske stoff med svært forskjellige eigenskapar: Dei enkle alkoholane metanol (CH3OH) og etanol (C2H5OH), er væsker som lett fordampar. Meir kompliserte alkoholar, som for eksempel kolesterol (C27H46O), er faste stoff med høge smeltepunkt. Andre alkoholar, som for eksempel karbohydratet cellulose, kan vera så samanbundne at dei neste er uløyselege. GlyserolEtanolMetanolGlykolReagensrøyrFyrstikkerVatn Fyll litt av kvar alkohol i eit […]

Fotosyntesen

Alt liv på jorda er avhengig av fotosyntese; prosessen som skjer når plantene bruker sollys, vatn og karbondioksid til å laga energi og oksygen. Menneske og dyr kan ikkje laga sin eigen energi, og er dermed avhengige av energien dei får frå å eta planter eller andre dyr som har ete planter. Om lag to […]

Hjernen

Kjelder: Jansen, Jan & Glover, Joel. (15.12.2016). Hjerne. Store medisinske leksikon. Henta 27.08.2017 frå https://sml.snl.no/hjerne Nilsen, Alf Jacob. (03.08.2017). Sentralnervesystemet. Nasjonal Digital Læringsarena. Henta 27.08.2017 frå http://ndla.no/nn/node/111380?fag=52234 Norsk Helseinformatikk. (03.05.2017). Hjernefunksjoner og skader. NHI.no. Henta 27.08.2017 frå https://nhi.no/sykdommer/barn/nervesystemet/hjernefunksjoner-og-skader/

Klimagassar og forsterka drivhuseffekt

Ein klimagass kan påverka klimaet på jorda på ulike måtar: Gassen kan mellom anna fanga eller spreia stråling frå sola, eller den kan fanga varmestråling frå jorda. Ein gass som fangar varmestråling – frå sola eller jorda – blir kalla ein drivhusgass. Desse gassane fungerer på same måte som eit drivhus: Dei slepp varmen frå sola gjennom atmosfæren og ned til […]

Livets tre

Til mobilversjon → Opna i fullskjerm → © The Open University Omsett til norsk av Klaus Høiland, Hanne Hege Grundt og Frank Emil Moen. Tilrettelagt av biologi-redaksjonen i Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA) ved Kristin Bøhle, Alf Jacob Nilsen, Ragnhild Baglo og Einar Berg.

Periodesystemet

Eit grunnstoff er eit reint stoff som er bygd opp av fleire atom som har det same atomnummeret. Alle andre reine stoff består av to eller fleire grunnstoff som er bundne saman. Grunnstoffa er ordna i periodar og grupper i periodesystemet: Opna i fullskjerm → (Tips: Høgreklikk og vel Zoom inn for å forstørra tabellen.) Kjelder: Store […]

Puberteten – for gutar

Gutar har allerede når dei blir født, over 5 millioner hårstrå, men dei er nesten usynlige. Dei kjem fram når du er alt ifra 10-16 år. Det er først når ein gut kjem i puberteten, du begynner å sjå hårveksten, det kjem ut under armane, i skrittet, i ansiktet som skjegg og på leggane.

Syrer og basar

I simuleringa under kan du undersøka pH-verdien i nokre vanlege stoff i kvardagen. Du kan òg læra om kva som skjer med pH-verdien når ei løysning blir fortynna med reint vatn.