Fader

FØREMÅL: Få gruppa til å jobba seriøst og konsentrert saman over tid, samt trena på romøving og på å koma fort i rolle. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Alle deltakarane stiller seg på ei line bak i rommet. Når instruktøren gjev beskjed om det, skal alle deltakarane vera nøytrale. Deltakarane bestemmer seg for kva gruppe dei vil vera i (1, 2, […]

Framandord

FØREMÅL: I denne øvinga må deltakarane improvisera fram ei forklaring på eit framandord. UTSTYR: Minst like mange pappkort eller papirlappar med påskrivne framandord som talet på deltakarar. FRAMGANGSMÅTE: Instruktøren/leiaren deler ut eitt framandord til kvar deltakar. Deltakarane får tid til å improvisera fram ei forklaring på framandordet. Deltakarane presenterer framandorda sine for resten av gruppa etter tur. Etter kvar presentasjon […]

Gje ei gåve

FØREMÅL: Denne øvinga er først og fremst ei mimeøving, men kan òg brukast til å øva på å snakka med éi stemme. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Alle deltakarane stiller seg i ein ring på golvet. Øvinga startar med at deltakar A mimar at vedkomande plukkar opp ei gåve frå golvet til høgre for seg med éi eller to hender. […]

Klappa namn

FØREMÅL: Denne øvinga hjelper deltakarane i ei ny gruppe til å læra kvarandre sine namn. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Alle deltakarane stiller seg i ein ring på golvet. Øvinga startar med at den første deltakaren seier namnet sitt mens vedkomande klappar i hendene i retning mot ein annan deltakaren. Deltakaren som blei «klappa mot» held fram med å seia namnet […]

Kontakt og kast

Denne øvinga kan anten brukast som ein bli kjent-øving, eller til å øva opp evnen til å få augekontakt i samspel med andre.

Mitt forbilde

I denne improvisasjonsøvinga får deltakarane trening i å dikta opp og fortelja om oppdikta personar.

Mønsterfokus

FØREMÅL: Dette er først og fremst ei middels/vanskeleg konsentrasjonsøving, men øvinga fungerer òg til å illustrera viktigheita av å akseptera og gje tilbod i improvisasjon. UTSTYR:  Ingenting nødvendig, men å kasta ein ertepose frå deltakar til deltakar kan brukast til å danna eit mønster. FRAMGANGSMÅTE: Alle deltakarane stiller seg i ein ring. Instruktøren/leiaren ber éin av deltakarane om å seia eit ord […]

Namnebyte

I denne konsentrasjonsøvinga må deltakarane øva opp korttidsminnet
for å lukkast.

Ninja

Dette er ein artig teaterleik som kan brukast både i konsentrasjons- og rørsleøving.

Nytt bruksområde

FØREMÅL: Denne øvinga gjev deltakarane øving i å improvisera fram nye bruksområde for kjende og ukjende gjenstandar. UTSTYR: Fleire ulike rekvisittar i ulike storleikar og former. FRAMGANGSMÅTE: Instruktøren/leiaren legg fleire ulike rekvisittar midt på golvet. Deltakarane stiller seg i ein ring rundt rekvisittane. Øvinga startar med at éin av deltakarane går inn i midten av ringen og plukkar opp éin […]

Olga, Olga

Denne morosame og fengjande songleiken er godt eigna til å varma opp både kropp og stemme.

Spegel

FØREMÅL: I denne øvinga må deltakarane konsentrera seg om å følgja kvarandre sine bevegelsar. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Del gruppa inn i par. Para stiller seg ansikt til ansikt, om lag éin meter frå kvarandre. Deltakar A startar ein bevegelse, mens deltakar B speglar bevegelsen til deltakar A. Etter ei stund byter deltakarane på oppgåvene: Deltakar B startar bevegelsen, […]

Tungegymnastikk

FØREMÅL: Tydeleg uttale er viktig for all framføring på scenen, og her er nokre eksempel på tungegymnastikk-øvingar som vil trena opp uttalen til deltakarane. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Deltakarane stiller seg opp framfor instruktøren/leiaren. Instruktøren/leiaren seier ei setning høgt, gjerne med overdriven tydeleg uttale. Deltakarane gjentek setninga i kor, med høg stemme og overdriven tydeleg uttale. Instruktøren/leiaren seier den same setninga like høgt […]