Gje ei gåve

FØREMÅL: Denne øvinga er først og fremst ei mimeøving, men kan òg brukast til å øva på å snakka med éi stemme. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Alle deltakarane stiller seg i ein ring på golvet. Øvinga startar med at deltakar A mimar at vedkomande plukkar opp ei gåve frå golvet til høgre for seg med éi eller to hender. […]

Gjenstandsmiming

Denne mimeøvinga er god til å trena opp samarbeidsevner og kreativitet. Gruppene kan òg konkurrera mot kvarandre.

Ja, det gjer me!

FØREMÅL: I denne øvinga lærer deltakarane om grunnleggjande element i improvisasjon og teatersport, der deltakarane må kunna akseptera og bidra for å lukkast. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Deltakarane blir delt inn i grupper på tre–fire personar. Gruppene stiller seg i kvar sine ringar med god avstand mellom seg. Instruktøren/leiaren seier eit tema, til dømes «Hòleekspedisjonen», «Badeturen», «I skogen»… Øvinga startar med at éin av […]

Kommunikasjonsstøy

Denne improvisasjonsøvinga gjev deltakarane trening i å improvisera fram ein samtale, samstundes som konsentrasjonen må vera på topp.

Kopier situasjonen

FØREMÅL: Denne øvinga gjev skodespelarane trening i å improvisera, samtidig som dei må gjenskapa noko dei nettopp har observert. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Heile gruppa blir delt inn i par. To og to par går saman, og fordeler seg rundt på golvet. Det første paret improviserer ein kort situasjon, og speler den ut med både replikkar og bevegelse. Under […]

Mitt forbilde

I denne improvisasjonsøvinga får deltakarane trening i å dikta opp og fortelja om oppdikta personar.

Morgonfugl

I denne mimeøvinga skal deltakarane samarbeida og jobba kreativt for å skildra ein bestemt situasjon.

Spegel

FØREMÅL: I denne øvinga må deltakarane konsentrera seg om å følgja kvarandre sine bevegelsar. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Del gruppa inn i par. Para stiller seg ansikt til ansikt, om lag éin meter frå kvarandre. Deltakar A startar ein bevegelse, mens deltakar B speglar bevegelsen til deltakar A. Etter ei stund byter deltakarane på oppgåvene: Deltakar B startar bevegelsen, […]

Tømmerstokk

FØREMÅL: Dette er ei tryggleiksøving som òg har eit lite meditasjonspreg over seg. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Deltakarane blir delte inn i grupper på fem–seks personar. Gruppene stiller seg rundt på golvet med god avstand til kvarandre. Kvar gruppe dannar ein tett sirkel rundt éin av deltakarane. Deltakaren i midten lukker augene, slappar av og står opp med armane tett inntil […]

Tungegymnastikk

FØREMÅL: Tydeleg uttale er viktig for all framføring på scenen, og her er nokre eksempel på tungegymnastikk-øvingar som vil trena opp uttalen til deltakarane. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Deltakarane stiller seg opp framfor instruktøren/leiaren. Instruktøren/leiaren seier ei setning høgt, gjerne med overdriven tydeleg uttale. Deltakarane gjentek setninga i kor, med høg stemme og overdriven tydeleg uttale. Instruktøren/leiaren seier den same setninga like høgt […]