Gje ei gåve

FØREMÅL: Denne øvinga er først og fremst ei mimeøving, men kan òg brukast til å øva på å snakka med éi stemme. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Alle deltakarane stiller seg i ein ring på golvet. Øvinga startar med at deltakar A mimar at vedkomande plukkar opp ei gåve frå golvet til høgre for seg med éi eller to hender. […]

Gjenstandsmiming

Denne mimeøvinga er god til å trena opp samarbeidsevner og kreativitet. Gruppene kan òg konkurrera mot kvarandre.

Ja, det gjer me!

FØREMÅL: I denne øvinga lærer deltakarane om grunnleggjande element i improvisasjon og teatersport, der deltakarane må kunna akseptera og bidra for å lukkast. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Deltakarane blir delt inn i grupper på tre–fire personar. Gruppene stiller seg i kvar sine ringar med god avstand mellom seg. Instruktøren/leiaren seier eit tema, til dømes «Hòleekspedisjonen», «Badeturen», «I skogen»… Øvinga startar med at éin av […]

Morgonfugl

I denne mimeøvinga skal deltakarane samarbeida og jobba kreativt for å skildra ein bestemt situasjon.

Nytt bruksområde

FØREMÅL: Denne øvinga gjev deltakarane øving i å improvisera fram nye bruksområde for kjende og ukjende gjenstandar. UTSTYR: Fleire ulike rekvisittar i ulike storleikar og former. FRAMGANGSMÅTE: Instruktøren/leiaren legg fleire ulike rekvisittar midt på golvet. Deltakarane stiller seg i ein ring rundt rekvisittane. Øvinga startar med at éin av deltakarane går inn i midten av ringen og plukkar opp éin […]

Opp med pulsen

FØREMÅL: Denne øvinga gjev deltakarane grunnleggjande trening i å gje tilbod i improvisasjon. Sidan deltakarane deler ansvaret, blir det lettare for beggje å gjennomføra øvinga. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Deltakarane blir delte i par, og stiller seg rundt på golvet med god avstand til kvarandre. Deltakar A startar med å spørja deltakar B «Kva gjer eg?». Deltakar B svarer med […]

Spegel

FØREMÅL: I denne øvinga må deltakarane konsentrera seg om å følgja kvarandre sine bevegelsar. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Del gruppa inn i par. Para stiller seg ansikt til ansikt, om lag éin meter frå kvarandre. Deltakar A startar ein bevegelse, mens deltakar B speglar bevegelsen til deltakar A. Etter ei stund byter deltakarane på oppgåvene: Deltakar B startar bevegelsen, […]