Gjenstandsmiming

Denne mimeøvinga er god til å trena opp samarbeidsevner og kreativitet. Gruppene kan òg konkurrera mot kvarandre.

Ja, det gjer me!

FØREMÅL: I denne øvinga lærer deltakarane om grunnleggjande element i improvisasjon og teatersport, der deltakarane må kunna akseptera og bidra for å lukkast. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Deltakarane blir delt inn i grupper på tre–fire personar. Gruppene stiller seg i kvar sine ringar med god avstand mellom seg. Instruktøren/leiaren seier eit tema, til dømes «Hòleekspedisjonen», «Badeturen», «I skogen»… Øvinga startar med at éin av […]

Ninja

Dette er ein artig teaterleik som kan brukast både i konsentrasjons- og rørsleøving.

Olga, Olga

Denne morosame og fengjande songleiken er godt eigna til å varma opp både kropp og stemme.

Opp med pulsen

FØREMÅL: Denne øvinga gjev deltakarane grunnleggjande trening i å gje tilbod i improvisasjon. Sidan deltakarane deler ansvaret, blir det lettare for beggje å gjennomføra øvinga. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Deltakarane blir delte i par, og stiller seg rundt på golvet med god avstand til kvarandre. Deltakar A startar med å spørja deltakar B «Kva gjer eg?». Deltakar B svarer med […]

Spegel

FØREMÅL: I denne øvinga må deltakarane konsentrera seg om å følgja kvarandre sine bevegelsar. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Del gruppa inn i par. Para stiller seg ansikt til ansikt, om lag éin meter frå kvarandre. Deltakar A startar ein bevegelse, mens deltakar B speglar bevegelsen til deltakar A. Etter ei stund byter deltakarane på oppgåvene: Deltakar B startar bevegelsen, […]

Tømmerstokk

FØREMÅL: Dette er ei tryggleiksøving som òg har eit lite meditasjonspreg over seg. UTSTYR:  Ingenting. FRAMGANGSMÅTE: Deltakarane blir delte inn i grupper på fem–seks personar. Gruppene stiller seg rundt på golvet med god avstand til kvarandre. Kvar gruppe dannar ein tett sirkel rundt éin av deltakarane. Deltakaren i midten lukker augene, slappar av og står opp med armane tett inntil […]

Vil du vera med?

Denne improvisasjonsøvinga er meint for å gjera deltakarane bevisste på kva som skjer når ein blokkerer forslag.