Fotosyntesen

I fotosyntesen bruker plantene sollys til å gjera karbondioksid og vatn om til glukose (=energi) og oksygen. Plantene tar opp både vatn og mineral frå jorda, og karbondioksid frå lufta. Når planta har laga energien, blir vatn og oksygen igjen som restprodukt. Oksygenet er livsviktig for at alle levande organismar skal kunna pusta.

Alt liv på jorda er avhengig av fotosyntese; prosessen som skjer når plantene bruker sollys, vatn og karbondioksid til å laga energi og oksygen. Menneske og dyr kan ikkje laga sin eigen energi, og er dermed avhengige av energien dei får frå å eta planter eller andre dyr som har ete planter.

Om lag to tredelar av oksygenet på jorda kjem frå fotosyntese på landjorda, mens éin tredel kjem frå fotosyntese i vatn (innsjøar og hav). Vanlegvis reknar ein med at fotosyntesen skjer i grøne planter og algar, men i tillegg kan òg nokre bakteriar driva fotosyntese for å laga sin eigen energi.

I plantene skjer fotosyntesen inni kloroplastane, altså i dei grøne delane av planta (blader, nåler eller grøne algar i havet). Klorofyllet i kloroplastane fangar solenergien, og bruker det til å omdanna vatn, mineralar og karbondioksid til energi (glukose). I tillegg blir det danna oksygen.

Ei forenkla reaksjonslikning for fotosyntesen kan setjast opp slik:

CO2 + H2O + energi → C6H12O6 + O2
karbondioksid + vatn + sollys → glukose (energi) + oksygen

Glukosen som planta produserer i fotosyntesen blir frakta rundt til andre delar av planta, der den blir omdanna og brukt til næring eller «byggjestoff» som cellulose, stivelse, olje eller fruktsukker: Trestammar blir bygde opp av cellulose, poteter består av mykje stivelse, i solsikker blir glukosen gjort om til olje og i frukt finn ein fruktsukker.

Sidan dyr, menneske, sopp og andre organismar ikkje kan driva fotosyntese sjølv, er dei avhengige av energien som plantene lagar og omdannar til byggjestoff i fotosyntesen. Viss menneska berre hadde ete kjøt, ville likevel energien frå kjøtet ha kome frå planter.

Kjelder:

Berner jr., Endre & Aarnes, Halvor. (30.03.2016). Fotosyntese Store norske leksikon. Henta 25.09.2016 frå http://snl.no/fotosyntese.
Bøhle, Kristin & Guddingsmo, Åge. (u.d.). Fotosyntese NDLA. Henta 25.09.2016 frå http://ndla.no/nn/node/44683.
Kolltveit, Aud. (08.10.2013). Hva er fotosyntese? SkogsNorge. Henta 25.09.2016 frå http://www.skogsnorge.no/artikkel.cfm?Id_art=13448&Tema_id=6&Id_kanal=6.

Video om fotosyntesen frå NRK Skole (for vidarekomne):

Publisert i arkivet Naturfag, Økologi og berekraft, og merka med stikkorda , , , , , , , , , , , .

Morten Hetland

Morten er adjunkt og IKT-ansvarleg ved Hjelmeland ungdomsskule, og har undervist i samfunnsfag, norsk, naturfag, musikk og valfaget sal og scene. Elles har han vore instruktør i Hjelmeland Teater sidan 2012.