Gje ei gåve

FØREMÅL: Denne øvinga er først og fremst ei mimeøving, men kan òg brukast til å øva på å snakka med éi stemme.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Alle deltakarane stiller seg i ein ring på golvet.
  2. Øvinga startar med at deltakar A mimar at vedkomande plukkar opp ei gåve frå golvet til høgre for seg med éi eller to hender.
  3. Deltakar A snur seg til deltakar B (til venstre for seg), seier «Ver så god» og overrekkjer «gåva» til deltakar B.
  4. Deltakar B takkar, og bruker éin replikk til å forklara kva vedkomande har fått, t.d. «Takk for denne flotte, raude paraplyen».
  5. Deltakar B mimar at vedkomande plukkar opp ei gåve frå golvet til høgre for seg.
  6. Deltakar B snur seg til deltakar C (til venstre for seg), seier «Ver så god» og overrekkjer «gåva» til deltakar C.
  7. Deltakar C takkar, og bruker éin replikk til å forklara kva vedkomande har fått, t.d. «Takk for dette flotte, blanke smykket».
  8. Leiken held fram frå deltakar til deltakar rundt i ringen. Gjennomfør gjerne fleire rundar, slik at deltakarane får prøva å gje og ta imot fleire «gåver».

Tips: Spør deltakarane om dei opplever denne øvinga som lettare enn å improvisera alt på eiga hand. Ofte vil deltakarane føla at dei deler meir av ansvaret for improviseringa i denne øvinga, og at den dermed blir opplevd som mindre stressande enn å måtta finna på alt sjølv.

For vidarekomne:
Svara med éi stemme: Øvinga kan gjerast noko vanskelegare ved at deltakar A overrekkjer ei gåve til deltakar B. Deltakar B seier «Takk for denne…», og vender seg til deltakar C for å svara med éi stemme: «… fine, blå ballongen». Deltakar B snur seg tilbake til deltakar A og gjentek: «Takk for denne fine, blå ballongen».

Øvinga held fram på same måten, denne gongen med at deltakar B skal overrekkja ei «gåve» til deltakar C, og deltakar C skal henta hjelp frå deltakar D til å bestemma kva «gåva» er. Turen går heile tida vidare til neste deltakar til venstre.

Desto raskare tempo øvinga går i, desto vanskelegare vil den bli for deltakarane.

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Fellesøvingar, Gruppeøvingar, Improvisasjon, Miming

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up

VILKÅR FOR GJENBRUK

Du kan bruka innhald frå denne læringsressursen på nettet eller i trykk under vår Creative Commons-lisens. Sjekk kva lisens som gjeld for kvar enkelt læringsressurs. Dei fleste læringsressursane er merka med CC BY-NC-SA:

Viss du har spørsmål kan du senda ein e-post til post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Gje ei gåve