Hitler sin veg til makta

Korleis kunne Adolf Hitler, ein tyrann som stod bak det største folkemordet i historia, koma til makta i eit demokratisk land?

Test deg sjølv:

Kartet viser landområda som Tyskland tapte i 1919, når dei måtte akseptera Versaillestraktaten.
  kontrollert av Folkeforbundet
  lagt under eller overført til naboland gjennom Versaillestraktaten, eller etter folkeavstemmingar eller vedtak i Folkeforbundet
  Weimarrepublikken
Illustrasjon: 52 Pickup

Årsaker:
  • Det tyske folket var sinte og frustrerte over dei strenge krava i Versaillestraktaten, der Tyskland skulle redusera militæret sitt kraftig, gje frå seg store landområde og betala store krigsskadeerstatningar.
  • Hitler og nazistane utnytta sinnet og frustrasjonen blant folket, og lova gjenreisa Tyskland si ære og storheitstid.
  • Etter det mislukka ølkjellarkuppet bestemte Hitler seg for å jobba hardt for å koma til makta i Tyskland på lovleg vis.
  • Hitler var ein god retorikar, og nytta dei retoriske appellformene til å skaffa seg støtte hjå tyske innbyggjarar.
  • Auka arbeidsløyse grunna børskrakket i 1929 og den økonomiske verdskrisa førte til at frustrasjonen auka.
  • Hitler utnytta brannen i Riksdagen til å forfølgja og fjerna politiske motstandarar.
  • God valoppslutnad for nazist-partiet i 1932, gjorde at Hitler greidde å forhandla seg til leiarvervet som rikskanslar.
  • Då rikspresident Hindenburg døydde blei det ikkje skrive ut nyval, og Hitler tok like gjerne berre over hans verv òg.
  • Etter kvart utnytta Hitler svakheitene i Weimar-grunnlova til å gje seg sjølv meir makt, mellom anna ved at presidenten kunne vedta pålegg og ordningar som svekka innbyggjarane sine rettar.
Verknader:
  • Hitler var ein populær leiar, og fekk gjort mykje bra for å mellom anna gjenreisa tysk økonomi, militærvesen, industri og teknologi.
  • Hitler og nazistane sitt menneskesyn, og spesielt hatet mot jødane, førte til det mest omfattande folkemordet i historia – Holocaust – som tok livet av om lag 6 millionar menneske.
  • Hitler danna alliansar med andre totalitære regime, mellom anna Spania (Franco), Italia (Mussolini) og Sovjetunionen (Stalin).
  • Etter kvart invaderte nazi-Tyskland nabolanda Austerrike og Tsjekkoslovakia. Då Tyskland okkuperte Polen hausten 1939, kunne ikkje lenger Storbritannia og USA berre vera tilskodarar, og erklærte starten på den andre verdskrigen.
Fordjupingsoppgåver:
  1. Korleis blei resultatet av den første verdskrigen brukt av Hitler og nazistane til å ta makta og få støtte blant det tyske folket?
  2. Ved å bruka retorikk som utnytta sinne og frykt hjå innbyggjarane sine, var Hitler i stand til å koma til makta i eit demokratisk land. Kvifor er denne retorikken så effektiv til å skaffa seg støtte? Finst det eksempel på bruk av denne retorikken i dagens samfunn, som viser teikn på at dette kan skje igjen?
  3. Kva kan gjerast for å forhindra at ekstreme haldningar, som eksempelvis nazisme eller rasisme, får koma til makta i eit kriseramma land som har representativt demokrati?
  4. Drøft denne påstanden: Det er ein rasistisk trend å skulda på innvandrarar for å forklara ulike problem i eit samfunn, og det blir enklare å koma til makta viss ein skaper splitting mellom innbyggjarane og minoritetar.
  5. Grei ut om kva Hitler gjorde bra for Tyskland.
  6. Korleis gjorde den økonomiske verdskrisa det mogleg for nazistpartiet å få makt i tysk politikk? Ville Hitler vore i stand til å gjera det han gjorde, viss den økonomiske verdskrisa ikkje hadde skjedd? På kva andre måtar kunne Hitler ha skaffa seg støtte?
Kjelder:

Gendler, Alex og Hazard, Anthony. (18.07.2016). How did Hitler rise to power?. Ted-Ed. Henta 28. januar 2018 frå https://ed.ted.com/lessons/how-did-hitler-rise-to-power-alex-gendler-and-anthony-hazard
Skjønsberg, Harald. (2007) Undervegs: Historie 9: Samfunnsfag for ungdomssteget. Oslo: Gyldendal Undervisning.

Sist oppdatert:

Kategori:

Samfunn, politikk og kultur, Samfunnsfag

Forfattar:

Meny