Intervju

Intervju er både ein arbeidsreiskap for å innhenta informasjon og ein journalistisk sjanger. Føremålet med sjangeren intervju er å få fram informasjon om ein person eller ei sak, underhalda og informera.

Eit intervju er ofte ein grundig gjennomarbeidd tekst, som består av ei blanding av samtale og utspørjing, med replikkar som blir attgjevne direkte eller indirekte. I eit intervju kan det òg vera med skildringar og bakgrunnsinformasjon.

Eit intervju kan utformast som ein rein nyheitssjanger, eller ha form av eit portrettintervju, der journalisten prøver å teikna eit bilete av kven ein person er.

Når ein intervjuar nokon som veit noko om ei sak, kan det ferdige resultatet bli presentert som eit saksintervju. Ein enkét (uttalast ang-ke:t), er ei rundspørjing der journalisten stiller same spørsmål til fleire personar, ofte presentert som «Fem på gata».

Før du intervjuar

  • Finn informasjon om intervjuobjektet og/eller saka.
  • Gjer avtale om intervju.
  • Tenk gjennom kva du skal spørja om. Skriv gjerne ned spørsmåla på førehand.
  • Ver klar over kven du skal skriva for. Kven er målgruppa?

Medan du intervjuar

  • Still spørsmål! Ikkje kom med påstandar eller eigne utsegn.
  • Ta notat eller gjer lydopptak. Du må sitera dei direkte sitata nøyaktig.
  • Still enkle spørsmål. Då får ein ofte klare svar.
  • Ikkje start spørsmåla med eit verb. Då kan du risikera å få berre ja eller nei som svar.
  • Start spørsmåla med spørjeorda kven, kva, kvar, når, korleis og kvifor.
  • Aldri still to svar samstundes.
  • Still oppfølgingsspørsmål: “Kva meiner du?”, “Korleis veit du det?”, “Korleis var det?” eller “Kva tenkjer du på?”.
  • Spør på ny viss du ikkje synst svaret var utfyllande nok.

Når du skriv intervjuet

  • Ta med litt om intervjusituasjonen: Kva skjedde, korleis var det der, korleis var den du intervjua…?
    Døme: Eg finn Stian inne på guterommet med blikket stivt festa på dataskjermen.
    – Vil du kalla deg sjølv speleavhengig, Stian?
    Guten ser opp frå skjermen ein augneblink og tenkjer seg om.
    – Nei, eg trur ikkje at eg er det.
  • Skriv spørsmål og svar i direkte tale, slik dei blir sagt, eller i indirekte tale:
    Direkte tale:
    – Er du blitt spelavhengig, Stian?
    – Nei, eg trur ikkje eg er det.
    Indirekte tale:
    Eg spør Stian om han er blitt spelavhengig, men han svarer at det trur han ikkje at han er.
    Er Stian speleavhengig? Han trur ikkje det.
Kjelder:

Blichfeldt, K., Heggem, T. G., Nilsen, M. & Øygarden, B. (2014). Nye Kontekst 8-10. Oslo: Gyldendal.
Tørdal, Ragna Marie. Journalistiske sjangre. Henta frå http://ndla.no/nb/node/76530

Creative Commons-lisens Attribution-NonCommercial-ShareAlikeDel

Sist oppdatert:

Kategori:

Norsk, Saktekstar

Forfattar:

Meny
×

Slik bruker du tekst frå artikkelen

Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår. Hugs å visa til forfattaren og Nettskulen.no som kjelde når du gjenbruker teksten.

Dersom du har spørsmål om bruk av innhaldet vårt, kontakt oss på e-post post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Intervju