Kjelder og opphavsrett

copyright

Når ein bruker andre sine tekstar som kjelde, må ein opplysa om dette. Dersom ein ikkje gjer dette, risikerer ein å bli skulda for plagiering. Plagiering er frekt og straffbart ifølgje norsk lov om opphavsrett, som seier at skaparen av eit åndsverk har rett til å rå over verket

Det finst sjølvsagt ein del informasjon du kan bruka utan at du må visa til kjelda. Dette gjeld til dømes vanlege allmennkunnskapar, som at Tromsø ligg nord for polarsirkelen eller at Erna Solberg er statsminister i Noreg. Tankar og idéar som du har fått ved å drøfta med andre, kan du òg bruka utan å oppgje kjelda.

Kjelder

Når du leitar etter opplysningar eller hentar informasjon til tekstar som du sjølv skal skriva, må du bruka kjelder som gjev deg informasjonen som du treng.

Døme på slike kjelder kan vera internett, bøker, tidsskrift, aviser, bilete, film, lydopptak eller personar som du stiller spørsmål til.

Store norske leksikon blir rekna som ei truverdig og påliteleg kjelde på internett. (Foto: Erik Dyrhaug)

Store norske leksikon blir rekna som ei truverdig og påliteleg kjelde på internett. (Foto: Erik Dyrhaug)

Somme kjelder er pålitelege og til å stola på, medan andre er upålitelege og ikkje til å stola på. Leksikon og fagbøker blir ofte rekna som pålitelege kjelder. Ein reknar òg trykte bøker som sikrare enn avisartiklar eller nettstader. Faktabøker og fagtidsskrift er oftast saklege, men dei treng ikkje alltid vera nøytrale og upartiske.

Kan du stola på internett som kjelde? Ja, sannsynlegvis, men du bør alltid sjekka kven som er ansvarlege for nettstaden. Du må altså driva kjeldekritikk.

Kven som helst kan leggja ut nesten kva som helst på internett. Det du finn av filmar, bilete og tekst på internett treng difor ikkje alltid vera truverdig og påliteleg.

Som ein hovudregel kan ein seia at informasjon på offentlege nettstader, i nettaviser og på nettressursane til lærebokforlaga er kvalitetssikra og til å stola på. Eit anna døme er det nettbaserte leksikonet Wikipedia, der kven som helst kan oppretta og redigera artiklar. Dermed er informasjonen på Wikipedia meir usikker enn til dømes Store norske leksikon, som blir skrive av fagfolk.

Kjelder:

Blichfeldt, K., Heggem, T. G., Nilsen, M. & Øygarden, B. (2014). Nye Kontekst 8-10. Oslo: Gyldendal.
Federl, Marion. Vurdering av digitale kjelder. Henta frå http://ndla.no/nn/node/6932?fag=27
Harboe, Leif. Kjeldebruk. Henta frå http://ndla.no/nn/node/6928?fag=27

Creative Commons-lisens Attribution-NonCommercial-ShareAlikeDel

Sist oppdatert:

Kategori:

Norsk, Saktekstar

Forfattar:

Meny
×

Slik bruker du tekst frå artikkelen

Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår. Hugs å visa til forfattaren og Nettskulen.no som kjelde når du gjenbruker teksten.

Dersom du har spørsmål om bruk av innhaldet vårt, kontakt oss på e-post post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Kjelder og opphavsrett