Klappa namn

FØREMÅL: Denne øvinga hjelper deltakarane i ei ny gruppe til å læra kvarandre sine namn.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Alle deltakarane stiller seg i ein ring på golvet.
  2. Øvinga startar med at den første deltakaren seier namnet sitt medan vedkomande klappar i hendene i retning mot ein annan deltakaren.
  3. Deltakaren som blei «klappa mot» held fram med å seia namnet sitt mens vedkomande klappar vidare til ein ny deltakar.
  4. Når alle deltakarane har klappa sine namn, fortel instruktøren/leiaren at dei no skal seia namnet til den ein klappar mot, i staden for sitt eige namn.
  5. Leiken held fram med at deltakarane klappar namnet til éin av dei andre i ringen, og turen går heile tida vidare til den siste som blei klappa mot.

Tips: Øvinga fungerer best når deltakarane ikkje nøler, men greier å halda ein rytme og tvinga seg sjølv til å klappa neste namn.

For vidarekomne:
Etter kvart som namna byrjar å bli kjende, kan ein auka tempoet. Deltakarar som nølar for lengje med å klappa neste namn ryk ut.

Sist oppdatert:

Kategori:

Bli kjent, Drama, Fellesøvingar, Konsenstrasjon

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up

VILKÅR FOR GJENBRUK

Du kan bruka innhald frå denne læringsressursen på nettet eller i trykk under vår Creative Commons-lisens. Sjekk kva lisens som gjeld for kvar enkelt læringsressurs. Dei fleste læringsressursane er merka med CC BY-NC-SA:

Viss du har spørsmål kan du senda ein e-post til post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Klappa namn