Klimagassar og forsterka drivhuseffekt

Ein klimagass kan påverka klimaet på jorda på ulike måtar: Gassen kan mellom anna fanga eller spreia stråling frå sola, eller den kan fanga varmestråling frå jorda.

Ein gass som fangar varmestråling – frå sola eller jorda – blir kalla ein drivhusgass. Desse gassane fungerer på same måte som eit drivhus: Dei slepp varmen frå sola gjennom atmosfæren og ned til jordoverflata, men forhindrar varmen frå sola og jorda i å forlata atmosfæren. Dette blir kalla drivhuseffekten.

Illustrasjon av drivhuseffekten. Menneskeleg aktivitet har bidratt til ein forsterka drivhuseffekt.

Drivhusgassane er eigentleg livsviktige for å halda jorda varm nok til at det kan eksistera liv her, men forskarar er bekymra for at menneskeleg aktivitet gjer at det blir større konsentrasjon av drivhusgassar i atmosfæren, og dermed ein forsterka drivhuseffekt.

Den forsterka drivhuseffekten har sansynlegvis allereie bidratt til ei menneskeskapt global oppvarming og endringar i klimaet på jorda. Dei menneskeskapte utsleppa av klimagassar kjem i hovudsak frå forbrenning av fossile brensel (kol, olje og gass), samt avskoging i tropiske strok.

Konsentrasjonen av klimagassene karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O) i atmosfæren har auka med høvesvis 30 prosent, 150 prosent og 15 prosent sidan tida før den industrielle revolusjonen. I tillegg har det blitt tilført gassar som ikkje finst naturleg i atmosfæren, som mellom anna klorfluorkarbon (KFK). Klimagassane vassdamp, karbondioksid (CO2) og metan (CH4) er dei som bidrar til mest oppvarming.

Oversikt over dei viktigaste klimagassane:
  • Vassdamp er vatn i gassform, og kjem oftast frå vatn som fordampar frå innsjøar og hav. Vassdamp dannar skyer, og vatnet regnar tilbake på jorda. Vassdamp hindrar varmestrålinga i å forlata jordoverflata, slik at det blir varmare. Varmen fører til at endå meir vatn fordampar, slik at det blir endå varmare.
  • CO2 består av karbon og oksygen, og finst naturleg rundt oss. Denne gassen blir danna når noko rotnar, når levande organismar omdannar næring til energi og i vulkanar. CO2 blir òg frigjort ved forbrenning av fossilt brensel, som til dømes kol og olje, og er den viktigaste årsaka til forsterka drivhuseffekt og menneskeskapt global oppvarming.
  • Klorfluorkarbon-gassar (KFK) har blitt brukt i kjøleskap og kuldeanlegg, som rensemiddel og i isolasjonsskum. KFK-gassane er kraftige drivhusgassar og skadar ozonlaget, som beskytter oss mot den farlege UV-strålinga frå sola. Bruken av KFK-gassar har blitt kraftig redusert gjennom eit forpliktande internasjonalt samarbeid, som er nedteikna i Montreal-protokollen.
  • Metan, som består av karbon og hydrogen, er ein gass som vanlegvis blir frigjort frå våtmarker, risdyrking, husdyrhald, bruk av naturgass og kolgruvedrift. Metan fangar opp mykje varme i atmosfæren, og forskarar reknar metan som den nest viktigaste av drivhusgassane som medverkar til menneskeskapt global oppvarming.
  • Lystgass, eller dinitrogenoksid, er ein naturleg del av nitrogenkrinsløpet. Lystgass blir danna av bakteriar i jorda og i havet, og blir i tillegg sluppe ut av nokre typar fabrikkar, kraftverk og frå plantegjødsel. Lystgassen skadar det beskyttande ozonlaget, og er ein viktig drivhusgass.
  • Ozon blokkerer for stråling frå sola, og beskytter oss mot dei farlege UV-strålene. Ozonlaget skal væra høgt oppe i atmosfæren, der flya flyg, men på grunn av forbrenning av fossilt brennstoff i kjøretøy og fabrikkar, har det blitt danna bakkenært ozon, som òg fungerer som klimagass.

Kjelder:

Blindheim, Ulf. (12.03.2012). Metan. Store norske leksikon. Henta 28.07.2016 frå https://snl.no/metan.
Bryhni, Inge & Olerud, Kåre. (03.12.2014). Klimagasser. Store norske leksikon. Henta 28..07.2016 frå https://snl.no/klimagasser.
Haraldsen, Haakon & Pedersen, Bjørn. (22.01.2016). Karbondioksid. Store norske leksikon. Henta 28.07.2016 frå https://snl.no/karbondioksid.
Klorfluorkarboner. (14.02.2009). Store norske leksikon. Henta 28.07.2016 frå https://snl.no/klorfluorkarboner.
Lystgass. (15.02.2009). Store norske leksikon. Henta 28.07.2016 frå https://snl.no/lystgass.
Miljødirektoratet. (11.07.2016). Klimagasser. Miljøstatus.no. Henta 28.07.2016 frå http://www.miljostatus.no/Tema/Klima/Klimagasser/.
NASA’s Jet Propulsion Laboratory. (20.07.2016). Meet the Greenhouse Gases!. Climate Kids. Henta 28.07.2016 frå http://climatekids.nasa.gov/greenhouse-cards/.

Forfattar:

Meny