Kopier situasjonen

FØREMÅL: Denne øvinga gjev skodespelarane trening i å improvisera, samtidig som dei må gjenskapa noko dei nettopp har observert.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Heile gruppa blir delt inn i par.
  2. To og to par går saman, og fordeler seg rundt på golvet.
  3. Det første paret improviserer ein kort situasjon, og speler den ut med både replikkar og bevegelse.
  4. Under den første improvisasjonen står det andre paret og observerer situasjonen.
  5. Det andre paret gjenskapar situasjonen som dei nettopp observerte, med både replikkar og bevegelse.
  6. Det andre paret startar med å improvisera ein situasjon, og det første paret gjenskapar situasjonen som dei nettopp observerte.
  7. Para sirkulerer rundt i rommet, og finn nye par å jobba saman med.

Døme på situasjonar:
To elevar som møtest utanfor rektor sitt kontor.
Ein journalist som møter ordføraren.
Ein busspassasjer som møter billettkontrolløren.

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Gruppeøvingar, Improvisasjon, Parøvingar, Skodespelteknikk

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up

VILKÅR FOR GJENBRUK

Du kan bruka innhald frå denne læringsressursen på nettet eller i trykk under vår Creative Commons-lisens. Sjekk kva lisens som gjeld for kvar enkelt læringsressurs. Dei fleste læringsressursane er merka med CC BY-NC-SA:

Viss du har spørsmål kan du senda ein e-post til post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Kopier situasjonen