Lesing for å læra

Før lesing kan du:

  • tenkja over kva du kan om emnet frå før. Lag gjerne eit tankekart for å organisera og skriva ned tankane dine.
  • sjå på titlar og bilete. Kva kan bileta fortelja deg?
  • lesa samandraget av teksten, for å danna eit oversyn over kva teksten handlar om.
  • tenkja over kva du vil læra av å lesa teksten. Bruk gjerne eit VØL-skjema for å ordna tankane dine.
  • tenkja over kvifor du skal lesa denne teksten.

Medan du les kan du:

  • passa på at du forstår alt du les.
  • notera stikkord og nøkkelsetningar frå teksten.
  • markera faguttrykk og streka under vanskelege ord. Sjekk opp kva desse orda betyr, og les teksten om igjen.
  • oppsummera medan du les. Ta gjerne tenkjepausar etter kvart avsnitt eller kvar side.

Etter lesinga kan du:

  • lesa samandraget av teksten.
  • skriva ditt eige samandrag av teksten.
  • laga repetisjonsspørsmål til teksten.
  • laga tankekart som oppsummerer innhaldet i teksten.
  • arbeida med oppgåver til teksten.
  • tenkja over kva du lærte av å lesa teksten.
Kjelder:
Blichfeldt, K., Heggem, T. G., Nilsen, M. & Øygarden, B. (2014). Nye Kontekst 8-10. Oslo: Gyldendal.
Publisert i Lesing for å læra, Norsk.

Morten Hetland

Morten er adjunkt og IKT-ansvarleg ved Hjelmeland ungdomsskule, og har undervist i samfunnsfag, norsk, naturfag, musikk og valfaget sal og scene. Elles har han vore instruktør i Hjelmeland Teater sidan 2012.