Mønsterfokus

FØREMÅL: Dette er først og fremst ei middels/vanskeleg konsentrasjonsøving, men øvinga fungerer òg til å illustrera viktigheita av å akseptera og gje tilbod i improvisasjon.

UTSTYR:  Ingenting nødvendig, men å kasta ein ertepose frå deltakar til deltakar kan brukast til å danna eit mønster.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Alle deltakarane stiller seg i ein ring.
  2. Instruktøren/leiaren ber éin av deltakarane om å seia eit ord i ein bestemt kategori (t.d. land, dyr, frukt eller liknande).
  3. Ein tilfeldig nestemann seier eit ord i den same kategorien, heilt til alle har kvar sitt ord. Det er ein fordel om ein ikkje bruker den same rekkjefølgja som deltakarane står i ringen, men hoppar fram og tilbake.
  4. Når alle har sitt land, sjekkar instruktøren/leiaren at gruppa hugsar landa og rekkjefølgja dei blei sagt i: Dette er det første mønsteret som skal brukast i denne øvinga.
  5. Deltakarane i gruppa skal no gjenta mønsteret til dei har kontroll på kven av deltakarane dei skal «akseptera» frå, og kven dei skal «gje tilbod» til. Då blir det enklare å halda styr på mønsteret, i staden for at alle skal konsentrera seg om alt som blir sagt.
  6. Når det første mønsteret sit, gjentek ein pkt. 2–5 til gruppa har lært eit mønster A (t.d. land) og eit mønster B (t.d. dyr).
  7. Gruppa kan no veksla mellom å gjenta mønster A og mønster B, til dei er trygge på beggje mønstera.
  8. Instruktøren/leiaren set i gang mønster A, ventar litt og set så i gang mønster B, slik at beggje mønsterprogresjonane går samtidig.

Tips: Instruktøren/leiaren må prøva seg fram i gruppa, for å finna ut kva nivå deltakarane ligg på. Det er viktigare å oppnå meistring enn å gjera øvinga for vanskeleg. Instruktøren/leiaren må heile tida observera gruppa, og følgja med på om nokre av mønstera «forsvinn». Når det skjer, treng instruktøren berre leggja handa på skuldra til éin av deltakarane i ringen, og seia kva mønster vedkomande skal starta opp igjen.

For nybegynnarar:
For mindre erfarne deltakarar kan ein stoppa etter pkt. 5 (lett) eller pkt. 7 (middels). Ein kan eventuelt gjera øvinga litt meir krevjande ved å kasta ein ertepose e.l. i eit fast mønster, mønster C, og bruka kastemønsteret samtidig med at deltakarane seier mønster A og/eller mønster B.

For vidarekomne:
Meir erfarne deltakarar/grupper kan etter pkt. 8 leggja på eit bevegelsesmønster i tillegg:

  1. Deltakar A byrjar med å gå til ein tilfeldig annan deltakar, deltakar B, og legg handa på skuldra til deltakar B.
  2. Deltakar A og deltakar B byter plass, og deltakar B går vidare til ein tilfeldig annan deltakar, deltakar C. Deltakar B legg handa på skuldra til deltakar C, og dei to byter plass.
  3. Deltakar C går vidare til ein tilfeldig annan deltakar, og gruppa held fram slik til alle har fått éin deltakar til seg og gått vidare til éin annan deltakar.
  4. Instruktøren/leiaren syt for at gruppa framleis hugsar bevegelsesmønsteret, mønster C.
  5. Øvinga held fram med at instruktøren/leiaren set i gang dei ulike mønstera – A, B og C – slik at mønsterprogresjonane går samtidig.
Publisert i Fellesøvingar, Konsenstrasjon, Sal og scene, Stemmebruk.

Morten Hetland

Morten er adjunkt og IKT-ansvarleg ved Hjelmeland ungdomsskule, og har undervist i samfunnsfag, norsk, naturfag, musikk og valfaget sal og scene. Elles har han vore instruktør i Hjelmeland Teater sidan 2012.