Nordmenn sine haldningar til den tyske nazismen

Nordmenn tok ulike parti under den andre verdskrigen. Somme blei medlem av NS, nokre vart tystarar, andre motstandsfolk. Likevel prøvde mesteparten å leva som før. Krig og okkupasjon førte sjølvsagt til store vanskar med akkurat dette.

Nordmenn hadde  ulike haldningar til den tyske nazismen i okkupasjonstida. I okkupasjonstida hadde nordmenn valet mellom ulike former for tilslutnad og motstand til den framande okkupasjonsmakta, men kva er grunnane til at folk av same nasjonalitet hadde ulike måtar å forholda seg til nazistane.

Spontane reaksjonar

Nazistiske, tyske soldatar marsjerer nedover Karl Johans gate i Oslo 9. april 1940. (Kjelde: Wikipedia)

Nazistiske, tyske soldatar marsjerer nedover Karl Johans gate i Oslo 9. april 1940. (Kjelde: Wikipedia)

Sjokk og rådløyse var dei fleste nordmenns første reaksjon på det tyske overfallet. Folk flest hadde inga aning om korleis dei skulle te seg til ein invasjon.

Kringom i byane møtte mange fram som nysgjerrige tilskodarar for å sjå på dei tyske troppane medan dei tok kontroll over strategiske stillingar. Somme gjekk til og med så langt som å hjelpe dei til rette når dei spurte etter vegen. (Lange 2007: 78)

Samstundes var det vernepliktige som spontant melde seg til sine militære avdelingar for å slåst mot inntrengjarane. Haldningar og handlingar varierte kraftig også under krigens vidare utvikling. Forvirring, frykt og vanmakt veksla med handlekraft, mot og planmessig organisering. Gradvis måtte folk finna fotfeste i ei røynd som svært få hadde førestilt seg på førehand.

Gjennom dei ulike fasane i okkupasjonstida tok det sivile norske samfunnet stadig sterkare farge av krigen. Haldningar i folkemengda vart forma som reaksjonar på tiltak frå okkupasjonsmakta, og handlingsmønstra endra seg etter som ytre omstende skifta.

Tilslutnad, tilpassing og motstand

Etter kvart som det gjekk opp for folk kva det nye okkupasjonsregimet innebar, byrja ein å danna seg haldningar til det. Regjeringa og kongen hadde blånekta for samarbeid med nazistane og deretter flykta til London, men for dei som sat att i eit okkupert fedreland hadde større vanskar med å velje side.

Kvar enkelt måtte finna svar på korleis dei skulle stilla seg til okkupasjonens nye realitet. Lange seier at folks haldningar danna ei broket samansetning av mange nyansar og glidande overgangar. Grovt sett kan dei likevel grupperas i tre kategoriar: tilslutnad, tilpassing og motstand. (Lange 2007:78)

På lag med nazismen

Nasjonal Samling

Leiaren for Nasjonal Samling, Vidkun Quisling, blei etter krigen dømd for landssvik og avretta ved skyting den 24. oktober 1945. Her er han fotografert ved ei massegrav den 19. august same året. (Kjelde: Corbis)

Leiaren for Nasjonal Samling, Vidkun Quisling, her fotografert ved ei massegrav 19. august 1945, kort tid før han blei dømt til døden og avretta ved skyting. (Kjelde: Corbis)

Stønaden til fascistiske og ekstremt nasjonalistiske idear blei mindre i åra fram mot krigsutbrotet. Det norske nazistiske partiet – Nasjonal Samling – hadde ein viss oppslutnad rett etter stiftinga av partiet i 1933. Partiet fekk aldri representantar på Stortinget, men ved kommunevala i 1934 og 1937 fekk dei høvesvis 69 og 7 kommunestyrerepresentantar. Rett før krigsutbrotet spelte partiet praktisk talt ingen politisk rolle i Noreg. (Hansen 2008: 376)

Grunnane til at folk melde seg inn i NS kan vere mange. Det er ikkje noko enkelt svar på dette, då det eksisterte alt frå brennande idealistar og upolitiske praktikarar til lykkejegerar og svake sjeler blant nordmenn som valte denne forma for samarbeid med okkupasjonsmakta. Motiva for tilslutnad har truleg variert over tid.

Fleire var nok skuffa over kongen og regjeringa som hadde flykta, og mange av nordmennene som etter kvart slutta seg til NS la vekt på at ein då måtte innsjå at krigen var tapt. Dermed måtte ein møte konsekvensane av den tapte krigen. Tilpassing til den nye kvardagen var eit viktig moment for å føra livssituasjonen mest mogleg attende til det normale.

NS-tilhengjarar som framleis var lojale mot konge og regjering meinte at det var naudsynt med ei samarbeidsline med tyskarane, blant anna for å avverje total kontroll frå den nazistiske okkupasjonsmakta. Somme av dei gjekk så langt som å konkluderte med at NS var den beste forsvararen av nasjonale verdiar i kongens og regjeringas fråver. (Hansen 2008: 390)

Fleire realistar gjekk over til det dei trudde var den sigrande sida, då dei såg den raske framgongen tyskarane gjorde i krigen fram til sommaren 1941. For bitre folk med personlege motiv som hemntankar kunne NS også fungere som ein kanal ut til sine motstandarar, då dei fekk høve til å truga andre på livet eller tene som snikmeldarar.

Somme let seg også rive med av nazistanes misjonerande propaganda som gav enkle svar på kompliserte spørsmål. Mange lengta etter ei samfunnsform der ein skulle leggje vekt på nasjonale verdiar og kjempa mot både kapitalistisk utbytting og marxistisk klassehat. I norsk samanheng vert ideologiske motiv (t.d. antisemittisme) ei underordna forklaring.

Utsnitt av ein propagandaplakat for Nasjonal Samling. (Kjelde: Norske digitale kilder 1940-1945)

Både i dei tidlege og seinare fasane av okkupasjonen vart ein god del menneske rekrutterte til NS av andre grunnar enn politisk overtyding. Mange vart utsette for politisk press, og nyordningspolitikken innebar at offentlege tenestemenn måtte velje side. Dei som slutta seg til NS fekk gode karrieremoglegheiter, medan dei som nekta å arbeide i lojalitet til NS kunne miste jobben. Dei som vart hardast pressa var politifolk. Her kom det sterke krav om innmelding i NS allereie hausten 1940. Over 40 % av dei tilsette i politietaten følgde oppmodinga. Noko av bakgrunnen var ønsket om å unngå at tyskarane overtok all norsk politimynde.

Dei som stod hardast i mot nyordningspolitikken var lærarar å undervise i nazistisk ideologi og prestane som trassa forbodet om å be for kongen i kyrkja. Fleire tusen lærarar vart fengsla, men prestane slapp billegare unna. 20. mars 1942 gjekk det ut melding til norske politi- og lensmenn om å arrestere «dei verste motstandarane» blant lærarar og lektorar. I Rogaland skjedde arrestasjonane i to periodar, 20. mars og midt i april. Ordren sa då at alle mannlege lærarar under 60 år skulle sendast til fengsel i Stavanger. (Tjeltveit 1990: 109)

Grunna sine økonomiske sambindingar med tyskarane, var det også ein del i privat sektor som såg fordelane ved å melde seg inn i NS. Arbeidarar og funksjonærar som fekk fortrinnsrett til gode jobbar og forretningsfolk som ville sikra avsetnaden på sine eigne varer og tenester, hadde dermed ingen problem med å samarbeide med tyskarane, så lenge det var for eiga vinning. (Lange 2007: 83)

Etter 1942 stilte NS krav om at ein måtte ha visse stillingar innan kulturliv, presse, politi eller kommune- og statsforvalting for å bli medlem i partiet. Året etter hadde NS fått kring 44.000 registrerte medlem. Totalt registrerte kring 55.000 menneske seg som medlem i løpet av krigen, og trass i skarpe sanksjonar melde 8.000 seg ut att. Mange av NS-tilhengjarane fekk viktige posisjonar, blant anna som lensmenn og ordførarar kringom i landet. Størst oppslutnad fekk partiet i dei indre delane av Austlandet (Nord-Gudbrandsdalen), delar av Telemark og i grenseområda mot Sverige. I kyststroka og på Vestlandet og I Nord-Noreg var tilslutnaden til NS liten. (Hansen 2008: 390,Lange 2007: 78, 84)

Frontkjemparar

Veteran frå Legionen, Legions-Hauptscharführer, Bjørn Østring i skyttergrava ved Leningrad-fronten. Østring deler det norske offiserskorpset i Legionen inn i to grupper: dei som høyrer til NS og dei som ikkje høyrer til NS. Han går ut frå at det var sistnemnde offiserar, med sine svake holdningar, som gjorde at tyskarane den første tida av Legionens eksistens kunne tilrøva seg såpass mykje makt som dei gjorde. (Kjelde: www.frontkjemper.info)

Bjørn Østring i skyttergrava ved Leningrad-fronten. Østring høyrde til Legions-Hauptscharführer. (Kjelde: www.frontkjemper.info)

Kampen mot kommunismen og ønsket om at Noreg skulle vinne att fridomen sin ved å gjenoppretta ein eigen hær som skulle medverke til ein fredsavtale med Tyskland, var blant dei viktigaste grunnane til at unge norske menn melde seg som frontkjemparar. For mange av dei var det også viktig å hjelpe Finland i kampen mot Sovjetunionen. I tillegg til dei viktigaste hovudpunkta for deltaking på austfronten kan ein også nemne miljøpåverknad, sympati for Tyskland, idealisme, ønske om eit sameint Europa, pliktkjensle og eventyrlyst som faktorar. (Stridsklev 1995: 6)

Om lag 5.000 unge norske menn valte å gå aktivt inn i tysk krigsteneste på austfronten. Dei som melde seg på aksemaktenes side vart innrullerte i Waffen-SS, og kommanderte ut til austfronten. Ein går ut frå at 15 000 melde seg til teneste, og kring ein tredel av dei reiste til austfronten. Ein veit også at vel 900 norske frontkjemparar døydde i løpet av teneste- eller fangetida. Av 1. kompani Regiment Noreg døyde 29 av 76. Dei fleste fall i strid. Dessutan vart minst 16 frontkjemparar likviderte av Heimefronten, herav ein frå 1. kompani Regiment Noreg i april 1945. Ein frontkjempar vart drepen av Rinnanbanden. Nokre frontkjemparar vart også avretta av tyskarane, to i april 1945. Ti vart også avretta i etterkrigstida etter dom i Noreg. Dette viser berre at frontkjemparane vart misslikte på mest alle frontar etter dei kom heim, både av heimefronten, tyskarar og tyskarvennlege. (Stridsklev 1995: 3, 7)

Kollaboratørar

Kollaboratørar var personar som samarbeidde aktivt med tyskarane, og tente på det. Mange har i seinare tid også kalla dei «stripete», då dei ofte kunne framstå som reale nordmenn i den eigne augneblinken, for å i neste augneblink tysta på ein av naboane sine.

Snikmeldarar

Enkelte av dei norske nazistane vart ekstra ivrige. Somme bygde opp grupper som i samarbeid med Gestapo skulle infiltrera motstandsmiljø og snikmelda motstandsfolk. Slike snikmeldarar vart høgt vanvørde.

Henry Rinnan og hans gruppe i Trondheimsområdet er døme på snikmeldarar i krigsåra. Rinnanbanden, som dei ofte vert kalla, bestod av kring 50-60 snikmeldarar. Mange av dei var tidlegare frontkjemparar. Rinnanbanden infiltrerte blant anna motstandsrørslene, og i løpet av si virketid snikmelde dei over 1.000 av sine eigne landsmenn. Fleire av offera vart torturerte og over 80 drepne som følgje av denne infiltrasjonsverksemda. (Hansen 2008: 391)

Kampen mot nazismen

Militært motstandsarbeid

Kort tid etter kampane i 1940 var slutt, samla fleire av dei norske krigsdeltakarane seg for å drøfta framtida. Kort tid etter byrja planlegginga av militært motstandsarbeid, og ulike grupper kom i aktivitet. Det som skjedde innan motstandsarbeidet var på mange måtar eit indirekte framhald av den militære motstandskampen i aprildagane.

I byrjinga dreidde motstandsaktiviteten seg om registrering av våpen og ammunisjon. Dette skuldas at ein skulle kunna ha folk bak dei tyske linene nr den venta britiske invasjonen kom. Etterretning vart etter kvart også ei viktig arbeidsform i den militære motstanden. Etter kamphandlingane i aprildagane vart ein del våpen vekkgøymde i Rogaland. Det skjedde også enkelte stader i fastlands-Ryfylke, men det var ikkje snakk om store mengder. (Tjeltveit 1990: 85, 87)

Det militære motstandsarbeidet var eit prov på at den norske motstandsviljen ikkje var knekt, og at ein framleis hadde eit brennande ønskje om å forsvara fedrelandet og øydeleggje for okkupasjonsmakta.

Forutan den spontane motviljen mot det framande styret, fortel Lange om særleg to tilhøve som danna grunnlaget for dei tidlegaste motstandshaldningane: Først og fremst kan ein trekkja inn det avsky og raseri som vart utløyst ved Vidkun Quislings statskupp. Dette var motstandsrørslenes første negative symbol å samla seg kring.

Det andre momentet som forma det tidlege motstandsarbeidet og gav dei eit positivt ideal, var tyskaranes jakt på kongen. Tyskarane kjempa aktivt for å rydda kongehuset og landets politiske leiing av vegen, eller å skremme dei til samarbeid. Etter kvart utvikla kong Haakon seg til å verte det fremste og viktigaste symbolet på norsk motstandsvilje, og både regjeringa og kongen vart sett på som dei sanne forsvararane av norske interesser. (Lange 2007: 88, 89)

Det nazistiske styret hadde ikkje mykje til overs for aktiv motstand, og i løpet av krigsåra vart 416 norske motstandsfolk og sivilistar avretta. (Forskingsrapport av Andrew Backe. Publisert av Norgesdokumentasjon) Til gjengjeld føretok heimefronten likvidasjonar, drap på menneske som var/vart antekne for å vere ein fare for heimefronten. Det offisielle talet for likvidasjonar i Noreg er 65, derav 63 menn og 2 kvinner, men det reelle talet er truleg mykje høgare. (Stridsklev 1996: 5)

Milorg

Biletet syner radiostasjonen «Kari», som var lokalisert i Oslomarka, og den betente sentralleiinga i Milorg frå våren 1943 til frigjeringa. Vel tusen telegram vart sendt herfrå til Stockholm dei ti siste krigsmånadene. (Kjelde: NorgesLexi)

Biletet viser radiostasjonen «Kari», som var lokalisert i Oslomarka. Dette var sentralleiinga i Milorg frå våren 1943 til frigjeringa. Vel tusen telegram blei sendt herfrå til Stockholm dei ti siste krigsmånadene. (Kjelde: NorgesLexi)

Major Arne Laudal frå Kristiansand var ein sentral person i oppbygginga av den første militærorganisasjonen. Denne organisasjonen fekk etter kvart namnet Milorg.

Våren 1941 la Laudal grunnlaget for ein motstandsrevolusjon i Agder, og hausten det same året avanserte han også til Rogaland. Mange av dei som deltok i den tidlegare motstandsrørsla hadde bakgrunn som offiserar eller underoffiserar, og sams for mange av dei var at dei hadde studert ved underoffiserskulen i Kristiansand, der Audal var tidlegare skulesjef. Dermed hadde Audal allereie danna seg eit nettverk av unge menn som var viljuge til å ofra seg i kampen for fridomen. (Tjeltveit 1990: 86, 87)

I si av handling om militær motstand i Rogaland, reknar Rolf Berg med at kring tusen mann var knytt til Milorg i 1942. Vervinga av motstandsfolk skjedde stort sett gjennom personlege kontaktar. Troppane blei sett opp etter vanleg militært mønster og organiseringa baserte seg mykje på timannslag. Først fann ein lagførarar. Lagføraren plukka deretter ut dei han ville ha med seg blant venner og menn som ein meinte var til å stola på. (Ibid.)

I grupper som var knytte til Milorg vart det drive spionasje mot tyske kommunikasjonsnett og festningar. Det skjedde også ei omfattande registrering av disponibelt militært mannskap og kartlegging på tyske fort. (Tjeltveit 1990: 88, 92)

XU – den skjulte historia

Anne Sofie “Aslak” Østtvedt byrja i XU som 17-18-åring, og blei etter kvart nestleiar i organisasjonen. (Kjelde: Per Gjendem)

XU var den dominerande etterretningsorganisasjonen i Noreg under krigen, og den låg under Forsvarets Overkommando i London, med Militærkontor 2 i Stockholm som bindeledd. Ein liten periode fram til hausten 1941 samarbeida XU med Milorg, men av omsyn til sikkerheita skilde dei lag. XU arbeidde aktivt fram til freden i 1945.

«Tilbakeslag var ikkje til å unngå i alle desse åra. Leiarar vart skotne, agentar og kurerar arrestert og torturert, mange måtte flykte over grensa eller gå i dekning», (Sæter 2007: 15). XU bestod av eit finmaska nettverk av agentar og kontaktar i Politiet, Postverket, Noregs statsbaner, Vegdirektoratet, Hamnevesenet, Folkeregisteret, Skipsfartverket, Fyrvesenet, Telegrafverket, Meteorologisk institutt. (Sæter 2007: 17).

XU dreiv etterretning, ikkje sabotasje. Som spionar var det viktig å vere minst mogleg synleg, då gjekk det ikkje an med eksplosjonar som ville fått rykta til å gå. Det sofistikerte nettverket gjorde at XU kunne skriva og sende vidare kring 500 A4-sider kvar dag. Dei kring 1500 XU-agentane var vanlege, unge menneske i eit fredeleg, lite land. Krigen gjorde dei til hemmelege agentar i ein av Europas beste underjordiske etterretningsorganisasjon.

Oppsummering

Krigsutbrotet i 1940 kom som eit sjokk på dei fleste, og det tok lang tid før ein fekk reflektera seg fram til korleis ein skulle forholda seg til den nye, illegale styresmakta. På landsbygdene hjelpte ein til med å gøyme folk som vart jaga av nazistane, og fleire antinazistiske lensmenn som fekk behalda stillingane sine, åtvara sambygdingane om at det var sendt ut arrestasjonsordre.

Det var likevel også mange nordmenn som gjekk over til «feil side». Nordmenn samarbeida med tyskarane på nær sagt alle måtar, økonomisk, politisk, militært og kulturelt. I rettsoppgjeret etter krigen vart økonomisk samarbeid vurdert mildare enn dei andre formene for samarbeid. Å jobbe for tyskarane for å oppretthalda livet var ein ting, aktivt politisk samarbeid noko heilt anna. Mange av dei som gjekk inn i leiande stillingar sa sjølv at dei utelukkande gjorde det for å forsvara norske interesser så langt det var mogleg. Den «mildaste» forma for samarbeid med NS må vere dei som var opptekne av forvaltingsansvaret. Dei som valte denne vegen sa sjølv at dei ikkje gjorde det av eiga vinning, men av politisk overtyding om eit visst ansvar. Likevel må ein ha i tankane at dei som slutta seg til NS ofte var intelligente, og truleg kan kome med falsk argumentasjon.

Snikmeldarar, kollaboratørar og torturistar vart truleg hata like mykje som Hitler sjølv, då desse ofte utførte fæle handlingar med pårørandes familie eller sambygdingar.

På den andre sida finn ein motstandsfolk som i etterkrigstida vert sett på som sanne heltar. Dei som var tilknytte militære motstandsorganisasjonar har i seinare tid fått mykje heiderleg omtale.

Innleiingsvis nemnde eg at folk hadde ulike tilnærmingar til den tyske nazismen. Fleirtalet av nordmennene hadde ikkje mykje til overs for det nazistiske styret, men folk flest torde ikkje å gjere så store nummer ut av det i frykt for eige og andres liv.

Folk flest hadde i utgangspunktet lite greie på kva som skjedde i krigsåra. Tilgongen på informasjon var liten, og det einaste ein fekk med seg var det som vart lese i avisene. Det er også rimeleg å tru at folk flest var ikkje så opplyste at dei eigentleg visste kva den nazistiske ideologien gjekk ut på, og deportasjonen av jødar var det nok ingen som høyrde om. Folk flest trudde nok at dei visste at Hitler og nazismen var fælt, men fekk ikkje vite kva krigen dreidde seg om før etter krigen.

Dette resulterte i at folk flest enda opp med tilpassingslina, der ein gjorde det beste ut av situasjonen og tilpassa seg, ofte tungsinna, til endringane som okkupasjonen medførte. Eg trur ikkje eg gjer feil i å konkludere med at det var idealistane som melde seg på kvar side i kampen, medan dei sivile fungerte som «kasteballar» som måtte tilpassa seg situasjonen.


Litteratur

Borgersrud, Lars: Årstall og holdepunkter i norgeshistorien (Oslo, 2002).

Hansen, Svein Olav m.fl.: Mennesker i tid 2 (Oslo, 2008).

Libæk, Ivar m.fl.: Historie 2: Verden og Norge etter 1850 (Oslo, 2008).

Furre, Berge: Norsk historie 1914-2000: Industrisamfunnet – frå vokstervisse til framtidstvil (Oslo, 2007).

Lange, Even: Aschehougs Norgeshistorie; xi: Samling om felles mål 1935-1970 (12 band, Oslo, 2007).

Stenersen, Øyvind og Libæk, Ivar: Norges Historie, Frå istid til i dag (Lysaker, 2007).

Stridsklev, Inger Cecilie: Likvidasjoner i Norge 1941-1945 (Norgesdokumentasjon, 1996).

Stridsklev, Inger Cecilie: Norske frontkjempere 1941-45 – 50 år senere (Norgesdokumentasjon, 1995).

Sæter, Einar og Sæter, Svein: XU – I hemmeleg teneste 1940-45 (Sunndalsøra/Stangvik, 2007).

Tjeltveit, Njål: Krigsåra i Ryfylke – Kvardagsliv og motstandsarbeid, 1940-1945 (Dreyer Bok, 1990)

Sist oppdatert:

Kategori:

Samfunn, politikk og kultur, Samfunnsfag

Forfattar:

Meny