Nytt bruksområde

FØREMÅL: Denne øvinga gjev deltakarane øving i å improvisera fram nye bruksområde for kjende og ukjende gjenstandar.

UTSTYR: Fleire ulike rekvisittar i ulike storleikar og former.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Instruktøren/leiaren legg fleire ulike rekvisittar midt på golvet.
  2. Deltakarane stiller seg i ein ring rundt rekvisittane.
  3. Øvinga startar med at éin av deltakarane går inn i midten av ringen og plukkar opp éin rekvisitt.
  4. Deltakaren går tilbake til plassen sin, og mimar/improviserer eit nytt bruksområde for rekvisitten: Bruksområdet som blir mima må vera noko heilt anna enn det faktiske bruksområdet.
  5. Når deltakaren er ferdig med miminga, legg vedkomande rekvisitten tilbake i midten og går tilbake til plassen sin.
  6. Øvinga held fram med at turen går vidare til neste deltakar til venstre, som gjentek pkt. 4 og 5.

Tips: Desto fjernare bruksområde som blir mima/improvisert, desto meir morosam blir øvinga for deltakarane.

For vidarekomne:
Meir erfarne deltakarar kan gjerne forklara kva rekvisitten er og kva den kan brukast til, medan dei demonstrerer korleis rekvisitten skal brukast.

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Fellesøvingar, Improvisasjon, Miming

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up

VILKÅR FOR GJENBRUK

Du kan bruka innhald frå denne læringsressursen på nettet eller i trykk under vår Creative Commons-lisens. Sjekk kva lisens som gjeld for kvar enkelt læringsressurs. Dei fleste læringsressursane er merka med CC BY-NC-SA:

Viss du har spørsmål kan du senda ein e-post til post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Nytt bruksområde