Olga, Olga

FØREMÅL: Denne morosame og fengjande songleiken er godt eigna til å varma opp både kropp og stemme.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Alle deltakarane stiller seg opp i ein ring.
  2. Instruktøren/leiaren fortel kort om «Olga»: Olga er ei budeie som held til oppe på ei seter, og ho har nesten like store jur som kyrne.
  3. Instruktøren/leiaren byrjar å marsjera på staden, og får dei andre deltakarane til å vera med på marsjeringa.
  4. Gruppa skal no framføra eit stev på jærdialekt, med tilhøyrande overdrivne rørsler. Stevet går slik:

    Olga, Olga kydne din» e dau.
    Nei, dei e» «kje dau!
    Dei gjeng oppi lia og ete på lauv.
    Olga, Olga, oh!

  5. Instruktøren/leiaren syng éi og éi line, og dei andre deltakarane gjentek.
  6. Etter kvar gjennomgang blir melodien transponert éin tone høgare.

Tips: Det blir løgnare om ein syng orda dau og lauv i slutten på 1.-3. setning med knekk i røysta.

Publisert i Fellesøvingar, Rørsleøvingar, Sal og scene, Stemmebruk.

Morten Hetland

Morten er adjunkt og IKT-ansvarleg ved Hjelmeland ungdomsskule, og har undervist i samfunnsfag, norsk, naturfag, musikk og valfaget sal og scene. Elles har han vore instruktør i Hjelmeland Teater sidan 2012.