Opp med pulsen

FØREMÅL: Denne øvinga gjev deltakarane grunnleggjande trening i å gje tilbod i improvisasjon. Sidan deltakarane deler ansvaret, blir det lettare for beggje å gjennomføra øvinga.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Deltakarane blir delte i par, og stiller seg rundt på golvet med god avstand til kvarandre.
  2. Deltakar A startar med å spørja deltakar B «Kva gjer eg?».
  3. Deltakar B svarer med ein aktivitet, til dømes «syklar tur», «kastar ball», «skiftar ei lyspære» eller «syng opera».
  4. Mens deltakar A utfører aktiviteten som deltakar B har sagt, spør deltakar B «Kva gjer eg?».
  5. Utan å stoppa svarer deltakar A med ein aktivitet, og deltakar B må straks byrja å utføra aktiviteten.
  6. Øvinga held fram med at deltakar A og deltakar B etter tur spør kvarandre «Kvar gjer eg?», og partnaren utfører aktiviteten.

Tips: Dersom nokre par blir veldig aktive eller veldig passive, bør instruktøren/leiaren minna dei på å variera intensiteten gjennom øvinga.

Sist oppdatert:

Kategori:

Improvisasjon, Miming, Oppvarming, Parøvingar, Rørsleøvingar, Sal og scene

Forfattar:

Meny