Oppgåvefordeling i offentleg sektor

Noreg har 19 fylke og 428 kommunar som er både geografiske område og politisk styrte einingar.

Både fylkeskommunane og kommunane bestemmer mykje sjølv i ein del saker, sjølv om staten òg bestemmer mykje ved å setja rammene for korleis landet skal styrast.

Staten, fylkeskommunane og kommunane har ulike typar oppgåver i samfunnet:

Kommunane sitt ansvar
  • Barnehagar
  • Grunnskular
  • Skulefritidsordning (SFO)
  • Barnevern
  • Folkebibliotek
  • Kultur
  • Kyrkjer og gravplassar
  • Allmennhelseteneste
  • Sosialhjelp
  • Heimehjelp og heimesjukepleie
  • Alders- og sjukeheim
  • Helsevern for psykisk utviklingshemma
  • Brann- og redningsteneste
  • Hamner
  • Kommunale vegar
  • Vatn, kloakk og renovasjon
  • Arealplanlegging og tilrettelegging av tomter
  • Byggjesaker
  • Lokalt miljøvern
Fylkeskommunane sitt ansvar
  • Vidaregåande skular
  • Vaksenopplæring
  • Fylkesvegar
  • Distriktspoltiske verkemiddel
  • Regional planlegging
  • Tannhelseteneste
  • Fylkesbibliotek
  • Skuleskyss
  • Trafikktryggleiksarbeid

Staten, fylka og kommunane har kvar sine oppgåver innan forvalting og tenesteyting.(Illustrasjon: Knut Høihjelle)

Staten sitt ansvar
  • Folketrygda
  • Forsvaret
  • Høgare utdanning
  • Riksvegar
  • Jernbanar
  • Arbeidsmarknadstiltak
  • Politi
  • Domstolar
  • Fengsel
  • Skattar og avgifter
  • Utanrikspolitikk
  • Asylpolitikk
  • Sjukehus
  • Utforming av distriktspolitikk
  • Institusjonar innan barnevern
  • Institusjonar i rusmiddelomsorg
Kjelder:

Overland, Jan-Arve & Tønnessen, Ragnhild. Fylker og kommuner - de regionale og lokale styringsnivåene.
Nasjonal digital læringsarena. Henta 30.06.2016 frå http://ndla.no/nb/node/7831?fag=36

Samfunnskunnskap.no Staten, fylkeskommunene og kommunene. Vox.
Henta 30.06.2016 frå https://www.samfunnskunnskap.no/?page_id=388

Sist oppdatert:

Kategori:

Samfunn, politikk og kultur, Samfunnsfag

Forfattar:

Meny