Skrivetrekanten

Illustrasjon: Morten Hetland, basert på Jon Smidt: «Skriving i alle fag – innsyn og utspill» (2010)

Skrivetrekanten er eit nyttig verktøy for både lesing og skriving av ulike typar tekstar. Modellen viser at alle tekstar har eit føremål (grunnen til at teksten er skriven), eit innhald (det teksten handlar om) og ei form (måten teksten er skriven på).

Når ein les tekstar, vil sidene i skrivetrekanten vera til hjelp for å tenkja gjennom kva ein tekst handlar om (innhald), kvifor teksten er skriven (føremål) og korleis den er bygd opp (form).

På same måten bør skrivetrekanten brukast i planlegginga av eigen tekst. Sjølv om du sannsynlegvis har fått ei skriveoppgåve av læraren din, er det alltid eit føremål med teksten. Kvifor skal du skriva akkurat denne teksten? Kven skal lesa teksten? Kva bodskap vil du fortelja med teksten? Føremålet med teksten vil difor vera viktig for kva innhald du tek med i teksten, og på kva måte du skal skriva, byggja opp og bruka verkemiddel i teksten.

Creative Commons-lisens Attribution-ShareAlikeDel

Sist oppdatert:

Kategori:

Lesing for å læra, Norsk, Samansette tekstar, Skriftlege tekstar

Forfattar:

Meny
×

Slik bruker du tekst frå artikkelen

Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår. Hugs å visa til forfattaren og Nettskulen.no som kjelde når du gjenbruker teksten.

Dersom du har spørsmål om bruk av innhaldet vårt, kontakt oss på e-post post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-ShareAlikeCreative Commons Attribution-ShareAlike
Skrivetrekanten