Forsøk: Undersøk «mikroverda»

Fakta

Den enklaste mikroskop-typen blei tatt i bruk på 1500-talet, og førte til store forandringar for naturvitskapen: Menneska kunne plutseleg studera detaljar som ikkje var synlege for berre augo.

Nysgjerrige menneske fekk ein ny måte å utforska naturen på, og ved hjelp av mikroskopet blei det oppdaga ørsmå organismar som ingen før hadde visst om.

Framgangsmåte

  1. Legg objektet du vil undersøka på objektbordet (under objektivet).
  2. Studer objektet og legg merke til detaljane.
  3. Teikn av det du ser så detaljert som du kan i eit observasjonsskjema (klikk på biletet for å opna ein større versjon i ei ny fane):
  4. Noter under observasjonsskjemaet kva objekt du studerte og kor høg forstørringsgrad du brukte.

Kjelder

Finstad, Hanne S., Kolderup, Jørgen & Jørgensen, Eva C. (2006). Trigger: Elevbok naturfag 8. trinn: Forenklet utgave. Oslo: N.W. Damm & Søn AS.

Material og utstyr

  • Stereomikroskop eller forstørringsglas
  • Teiknesaker
  • Ulike objekt som kan undersøkast (blom, insekt, lauvblad, kongle, hårstrå, papirbit, huda på fingeren din…)

Foto

Blomsten på eit pæretre forstørra 100 gonger med eit stereomikroskop.
(Foto: Aelwyn/Wikimedia Commons)[/caption]Mikroskopbilete av torvmoseblad. (Foto: Svein Gunnar Råen) Mikroskopbilete av torvmoseblad.
(Foto: Svein Gunnar Råen)[/caption]

Sist oppdatert:

Kategori:

Naturfag, Økologi og berekraft

Forfattar:

Meny