Berlinmuren

For å hindra utflytting frå Aust-Tyskland til Vest-Tyskland, starta Aust-Tyskland bygginga av Berlinmuren hausten 1961. I nesten tre tiår stod muren som eit mektig symbol på den store forskjellen mellom kapitalismen i vest og kommunismen i aust.

Etter den andre verdskrigen blei Tyskland og den gamle tyske hovudstaden, Berlin, delt i ein kapitalistisk del i vest og ein kommunistisk del i aust.

Kapitalistiske USA og deira allierte pøste på med pengar for å gjenreisa Vest-Tyskland, medan Sovjetunionen – som hadde styringa av Aust-Tyskland – heller ville innføra ei kommunistisk styreform i deira del.

Kort fortalt fekk folk i Vest-Tyskland betre lønningar, fleire forbruksvarer og større personleg fridom enn austtyskarane.

I håp om eit betre liv i vest, flykta mange austtyskarar til Vest-Tyskland gjennom den usynlege grensa mellom Vest-Berlin og Aust-Berlin. For å hindra vidare fråflytting, sette Aust-Tyskland hausten 1961 i gang med å bygga det som etter kvart blei ein 106 km lang og 3,6 km høg betongvegg: Berlinmuren.

Årsaker:
  • Sidan Vest-Tyskland blei styrt ut frå kapitalistisk ideologi, og Aust-Tyskland etter sovjetisk kommunisme, blei det store forskjellar mellom livet til innbyggjarane i dei to delene av Tyskland.
  • Austtyske styresmakter ville hindra fleire innbyggjarar i å flykta til Vest-Tyskland.
Verknader:
  • Berlinmuren stabiliserte den økonomiske situasjonen i Aust-Tyskland, og hindra arbeidskrafta deira i å forlata landet.
  • Berlinmuren bidrog til å øydelegga Aust-Tyskland sitt rykte, og blei eit symbol på kommunistisk undertrykking.
  • Folk i den austlege delen av Tyskland er i dag fattigare, eldre og meir høgreradikale enn folk i den vestlege delen av Tyskland.
Berlinmuren på 4 minutt:
Berlinmurens fall:
Test deg sjølv:
Fordjupingsoppgåver:
  1. Korleis blei Berlinmuren eit symbol på kommunistisk undertrykking?
  2. Korleis blir eit land påverka av å mista veldig mange unge menneske?
  3. Var Berlinmuren ein beskyttelse mot fascismen – slik austsida hevda – eller eit brot på grunnleggande menneskerettar – slik vestsida argumenterte for?
  4. Korleis kunne Tyskland ha utvikla seg annleis, dersom landet ikkje hadde vore delt mellom vest og aust i 45 år?
  5. I videoen under ser du film av menneske som forsøker å flykta frå Aust-Berlin på ulike måtar. Kva ville du gjort dersom du blei «fanga» i Aust-Berlin? Hadde du akseptert å leva etter dei strenge, kommunistiske reglane, eller ville du ha risikert livet for å flykta til Vest-Berlin? Grunngje valet ditt.
14. august 1961 vakna menneska i Berlin opp til ein ny by.
Kjelder:

Brekke, Ingrid. (09.11.2019). 30 år siden Berlinmurens fall: Folk i øst er fattigere, eldre og mer høyreradikale. Aftenposten. Henta 4. mars 2020 frå https://www.aftenposten.no/verden/i/naBq0a/30-aar-siden-berlinmurens-fall-folk-i-oest-er-fattigere-eldre-og-mer-hoeyreradikale
Dypvik, Astrid Sverresdotter. (02.02.2019). Berlinmuren. I Store norske leksikon. Henta 4. mars 2020 frå https://snl.no/Berlinmuren
Jarausch, Konrad H. (16.08.2017). The rise and fall of the Berlin Wall. Ted-Ed. Henta 3. mars 2020 frå https://ed.ted.com/lessons/the-rise-and-fall-of-the-berlin-wall-konrad-h-jarausch/

Creative Commons-lisens Attribution-NonCommercial-ShareAlikeDel

Sist oppdatert:

Kategori:

Samfunn, politikk og kultur, Samfunnsfag

Forfattar:

Meny
×

Slik bruker du tekst frå artikkelen

Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår. Hugs å visa til forfattaren og Nettskulen.no som kjelde når du gjenbruker teksten.

Dersom du har spørsmål om bruk av innhaldet vårt, kontakt oss på e-post post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Berlinmuren