Det er tysdag!

FØREMÅL: Denne improvisasjonsøvinga gjev deltakarane trening i å spela skodespel med overdrivne rørsler og følelsar.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Deltakarane blir sette saman to-og-to, og fordeler seg rundt i rommet med god avstand til dei andre para.
  2. Den eine deltakaren byrjar improvisasjonen ved å seia ein heilt kvardagsleg setning.
  3. Den andre deltakaren skal velja seg ei kjensle (til dømes sint, glad, frustrert, fortvila, forelska…), som skal overdrivast når han/ho svarer på setningen med ei omfangsrik og kjensleladd utgreiing.

Tips: Øvinga fungerer best når deltakarane greier å «sleppa seg laust», og bruka mykje kroppsspråk, stemme og overdrivne rørsler.

Døme på startarar:
Det er tysdag i dag. – Kva seier du?! Er det tysdag, i dag?! Og eg som trudde…
Du har kvitt skjerf på deg i dag. – Ja, er det ikkje fint?! Eg elskar kvitt! Og spesielt…
Så fint vêr det er. – Nei, det er slett ikkje fint vêr! Eg hatar når det er…

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Improvisasjon, Parøvingar

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up

VILKÅR FOR GJENBRUK

Du kan bruka innhald frå denne læringsressursen på nettet eller i trykk under vår Creative Commons-lisens. Sjekk kva lisens som gjeld for kvar enkelt læringsressurs. Dei fleste læringsressursane er merka med CC BY-NC-SA:

Viss du har spørsmål kan du senda ein e-post til post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Det er tysdag!