Fader

FØREMÅL: Få gruppa til å jobba seriøst og konsentrert saman over tid, samt trena på romøving og på å koma fort i rolle.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Alle deltakarane stiller seg på ei line bak i rommet.
  2. Når instruktøren gjev beskjed om det, skal alle deltakarane vera nøytrale.
  3. Deltakarane bestemmer seg for kva gruppe dei vil vera i (1, 2, 3…) og kor mange skritt fram dei vil gå.
  4. Deltakarane som har valt å vera i gruppe 1 beveger seg framover når instruktøren gjev startsignal ved å klappa i hendene.
  5. Neste gong instruktøren klappar i hendene, skal deltakarane som har valt å vera i gruppe 2 bevega seg framover. (Slik held det fram med stadig nye grupper, til alle er ute på golvet.)
  6. Når instruktøren klappar i hendene igjen, skal gruppe 1 gå tilbake på startlina.
  7. Ved neste klapp frå instruktøren skal gruppe 2 gå tilbake, deretter gruppe 3, heilt til alle er tilbake på startlina.

Tips: Øvinga krev både tid og at deltakarane er konsentrerte, og kan difor fungerer dårleg med små barn. Vidare kan enkelte aktørar ha vanskar med å ta øvinga seriøst, og gruppa får dermed ikkje ynskja utbytte av øvinga.

Alternativ A – med bevegelse:
Gjer øvinga som skildra i framgangsmåten. Før første gruppe går tilbake (pkt. 6), skal gruppene etter tur gjera ein enkel bevegelse som blir gjentatt tre–fire gonger.

Alternativ B – med bevegelse og lyd:
Gjer øvinga som skildra i alternativ A. Deltakarane skal i tillegg laga ein lyd som passar til bevegelsen.

Alternativ C – med bevegelse og lyd som passar til tema:
Gjer øvinga som skildra i alternativ B, men denne gongen er startsignalet eit stikkord/tema for kva som skal uttrykkast med lyden og bevegelsen, for eksempel «17. mai», «Ikkje gå frå meg!», «Eg tilgir deg» eller «Forelska». Tema kan med fordel knyttast opp til tematikken i stykket som gruppa jobbar med å setja opp.

For vidarekomne:
Øvingane blir gjennomført ved at instruktøren berre gjev instruksjonar og startsignal. Deretter må deltakarane forsøka å starta, gå vidare, gjera bevegelsar osb. på eiga hand. Dermed blir det endå viktigare å vera både konsentrert og fokusert.

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Fellesøvingar, Konsenstrasjon, Skodespelteknikk

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up