Filmskulen

Lyd og bilete som verkemiddel

I dette kurset får du læra om ulike visuelle verkemiddel i film. Kunnskapar om desse verkemidla kan du bruka anten du skal analysera ein film, eller viss du vil laga din eigen film.

Folk seier «Det finst ein million måtar å spela inn ein filmscene», men eg trur ikkje det er slik.
Eg trur at det finst to måtar, kanskje.
Og den andre måten er feil.

David Fincher

Lys

Ein god film begynner med filmklipp med godt lys. Mobilar/nettbrett har ofte liten blendaropning, noko som kan føra til mørke, kornete og uklare bilete.

  • Dersom ein filmar innandørs er det viktig med god belysning, helst framfor motivet, og ikkje berre med taklamper. Unngå å filma mot eit vindauge som slepp inn dagslys. Bruk heller dagslyset som lyskjelde, og spel inn klippa med vindauget i ryggen.
  • Dersom du skal filma menneske utandørs, kan både motlys og sterkt sollys føra til dårlege bilete.

Motlys gjer fargane unaturlege, og motivet i framgrunnen blir mørkt og utan detaljar.


Direkte og sterkt sollys kan gje fine fargar, men er ubehageleg for menneske å sjå mot.


Dagslys utan direkte sollys gjev best resultat.

Kameravinkel

Vinkelen som motivet blir filma frå, kan gje sjåaren eit spesielt inntrykk av motivet.

Normalperspektiv betyr at motivet blir filma i augehøgd, noko som gjev eit objektivt inntrykk av motivet.


Fugleperspektiv blir filma ovanfrå, og gjer at motivet kan verka lite, puslete eller svakt.


Froskeperspektiv blir filma nedanfrå, og kan gjera motivet mektig eller trugande.

Utsnitt

Filmskaping handlar om kva som er inni ramma og kva som er utanfor. Ein dyktig filmskapar har klare tankar om kor mykje av motivet som skal fylla filmbiletet, og kor nært motivet skal vera. Ulike utsnitt kan skapa spenning, nærleik, oversikt eller avstand.

Ultranære utsnitt gjev oss ein detaljert nærleik på motivet. Denne effekten kan skapa ei intenst og sterk spenning.


Nærbilete gjer at sjåaren får koma tett innpå motivet, og kan skapa ei kjenslemessig spenning, der ein kjem tett innpå motivet.


I halvnære utsnitt fyller overkroppen biletramma, og dette utsnittet passar blant anna godt til menneske som blir intervjua, har samtalar eller fortel noko direkte til sjåaren.


Totalbilete har plass til ein heil person, og gjev eit objektivt og beskrivande uttrykk. (PS: På denne avstanden kan det vera vanskeleg å få god lyd dersom ein filmar med mobil eller nettbrett.)


Utratotale utsnitt har plass til fleire menneske og miljøet rundt dei, noko som skaper oversikt og avstand.


Oversiktsbilete viser heile landskapet eller miljøet på ein plass. Oversiktsbileta kan sjølvsagt romma endå større område enn dette eksempelet viser.

Viss det er ein god film, kan du ta vekk lyden, og publikum vil fortsatt ha ei rimeleg klar forståing av kva som skjer.

Alfred Hitchcock

Rørsle

Ved å bevega kameraet oppover, nedover, rundt, mot eller frå motivet, kan filmskaparen skapa variasjonar i det visuelle uttrykket.

Panorering


Tilting oppover


Tilting nedover


Innkjøring


Utkjøring


Innzooming


Utzooming


Kjøring til venstre


Kjøring til høgre


Kjøring oppover


Kjøring nedover

Effektar

Under klipping og redigering kan ein legga til ulike visuelle effektar i filmen.

Bilde i bilde kan brukast til å visa fram stillbilete av eit motiv, samtidig som «journalisten» er synleg i filmramma. Dette er ein velkjent effekt i nyheitssendingar.


Grønnskjerm gjer at ein kan legga eitt filmklipp over eit anna. Grønnfargen på klippet i framgrunnen blir fjerna, og filmklippet eller stillbiletet i bakgrunnen kjem til syne der det før var grønt i framgrunnen.


Fargetemperatur kan leggast inn med filter i Bilder-appen (dramatisk kald og livlig varm i dette klippet), eller i iMovie-appen. Blålege fargefilter kan illustrera kulde, medan fargefilter med oransje fargetonar kan illustrera varme.


Svart-kvittfilter kan brukast til historiske tilbakeblikk. I dette klippet er det i tillegg lagt på bakgrunnsmusikk (gratis tillegg i iMovie) og voice-over (taleopptak). Farten på voice-overen har òg blitt skrudd opp til 1 ¼.

Alle gode idéar startar med dårlege idéar. Det er difor det tek så lang tid å laga ein god film.

Steven Spielberg

Klipperytme

Klipperytmen handlar om kor raskt klippa skiftar og kor lenge dei varer. Rask klipperytme gjev inntrykk av fart og action; mens langsam klipperytme gjev motsett effekt.

Sakte klipperytme blir brukt til å skapa ei kjenslemessig nær stemning, og blir stort sett brukt i dramascener. Med sakte tempo har ein tid til å la dei ulike inntrykka synka inn, og ein kjem tettare inn på handlinga. I denne dramascenen frå «Å velta ei ku», er klippa så lange at det berre er plass til fem klipp i løpet av 50 sekund.


Rask klipperytme blir brukt til å skapa ytre spenning, og blir stort sett brukt i actionscener. Med raskt tempo får sjåarane eit inntrykk av intensitet og spenning. I denne actionscenen frå «Å velta ei ku», er klippa så korte og intense at det er plass til seksten klipp i løpet av 50 sekund, meir enn tre gonger så mange klipp som i dramascenen over.

Musikk

Filmmusikk skaper ein atmosfære som forsterkar både handlinga og kjenslene i filmen. Ein film utan musikk, er som ein sykkel utan hjul, eller som filmmusikk-komponisten Howard Shore sa det: «Nokre gonger vil du bruka musikken for å forklara noko i filmen på ein klar måte.»

Dersom du skal laga din eigen film, men ikkje greier å komponera musikken sjølv, kan du til dømes bruka det innhaldsrike musikkbiblioteket i iMovie-appen. Alternativt kan du søka etter musikk med creative commons-lisens på nettet. Hugs at det ikkje er lov å bruka andre sin musikk utan samtykke frå opphavaren.

Det er vanskeleg å skildra musikk med objektive faguttrykk, men lytt gjennom lyttedøma under, så kan du gjera deg opp di eiga meining om kva musikk som passar til kva slags stemning.

Leiken og livlig musikk kan brukast til å forsterka glede, aktivitet, leik og moro.


Roleg musikk med mjuke tonar og nærleik kan bidra til å forsterka ei kjensle av ro og velvære, og som i dette tilfellet: Nærleiken til norsk natur.


Langsam rytme og mjuke strykarar kan brukast til å forsterka einsemd, sorg og håplausheit, og skapar trist og lei stemning.


Skarp musikk med mørke tonar kan bidra til å forsterka både indre og ytre spenning, og gjev ei kjensle av redsel og ubehag.

Alle klippa er henta frå spelefilmen «Å velta ei ku». Musikken er komponert av Morten Hetland, og all musikken i denne filmen går over det same temaet (liknande akkordar og tonar).

Det er ingen kunstform som har så mykje til felles med film som musikk har.
Begge påverkar kjenslene våre direkte; ikkje via forstand og fornuft.

Ingmar Bergman
Kjelder:

Torp, Arne m.fl. (2003) Epos: litteratur, språk, ord, tekst: lærebok – norsk GK. Oslo: Aschehoug.

Creative Commons-lisens Attribution-NonCommercial-NoDerivsDel

Sist oppdatert:

Kategori:

Litteratur og kultur, Norsk, Samansette tekstar

Forfattar:

Meny
×

Slik bruker du tekst frå artikkelen

Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår. Hugs å visa til forfattaren og Nettskulen.no som kjelde når du gjenbruker teksten.

Dersom du har spørsmål om bruk av innhaldet vårt, kontakt oss på e-post post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-NoDerivsCreative Commons Attribution-NonCommercial-NoDerivs
Filmskulen