Forsøk: Følg ei oppskrift

Fakta

Når me gjer eit forsøk i naturfag, har me gjerne tenkt ut kvifor me trur ting heng saman, og korleis forsøket vil gå. Det kallar me å laga ein hypotese. Forsøket kan gå slik me trudde, eller det kan visa seg at hypotesen ikkje heldt, og me må laga nye hypotesar og gjera nye forsøk.

I naturfag er det viktig å kunna følgja oppskrifter: Viss du slurvar, kan forsøket fort bli mislukka. I forsøket under skal du få øva deg i å følgja ei oppskrift. Dette forsøket er det lurt å gjera saman med andre.

Framgangsmåte

  1. Bland sukker, mjølk, fløyte og vaniljesukker i den første posen.
  2. Knyt posen, men la det vera igjen litt luft i den. Kontroller at posen er heilt tett.
  3. Legg isbitane og saltet i den andre posen.
  4. Legg den første posen inn i den andre posen, saman med isbitane og saltet.
  5. Knyt posen godt igjen. Pakk posen inn i kjøkkenhandkledet.
  6. Rist posane i 8–12 minutt. Det er slitsamt, så det kan vera lurt å dela på jobben.
  7. Fjern den ytste posen med salt og is over ein vask.
  8. Skyll forsiktig av alt saltet frå den inste posen med kaldt vatn.
  9. Klipp eit hol i den første posen, og press innhaldet ut på to små tallerkar. Hugs å dela likt.

Kva blei resultatet?

Kjelder

Finstad, Hanne S., Kolderup, Jørgen & Jørgensen, Eva C. (2006). Trigger: Elevbok naturfag 8. trinn: Forenklet utgave. Oslo: N.W. Damm & Søn AS.

Material og utstyr

  • To vasstette fryseplastposar
  • 1,5 dl kremfløyte
  • 1,5 dl heilmjølk
  • 0,5 dl sukker
  • 0,5 ts vaniljesukker
  • 20 isbitar
  • 10 ss finkorna salt
  • Kjøkkenhandkle
  • Saks
  • Spiseskei
  • To små tallerkar
  • To teskeier
[siteorigin_widget class=»WP_Widget_Media_Image»][/siteorigin_widget]

Forfattar:

Kompetansemål:

delta i risikovurderingar knytta til forsøk og følgja sikkerheitstiltakautforska kjemiske reaksjonar, forklara massebevaring og gjera greie for betydningar av nokre forbrenningsreaksjonar

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up