Forsøk: Sju kvite stoff

Du skal gjennom forsøk og naturvitskapleg metode prøva å setja riktig namn på sju stoff som læraren tar med seg frå kjøkkenet.

Du får utlevert sju kvite stoff:

  • sitronsyre
  • bakepulver
  • sukker
  • salt
  • hornsalt
  • natron
  • kveitemjøl

Stoffa er merka med tala 1–7, og oppgåva di handlar om å bestemma kva prøve som inneheld kva. NB! Det er ikkje lov å smaka på stoffa.

DU TRENG:

  • Utstyr og stoff frå naturfagsrommet

DETTE GJER DU:

  1. Saman med læringsgruppa skal du planleggja korleis du kan bestemma innhaldet i prøvane.
  2. Når dokker har laga ein plan, skal dokker diskutera framgangsmåtane i læringsgruppa.
  3. Læringsgruppa, som skal gjennomføra forsøket saman, blir samde om ein endeleg plan for forsøket.
  4. Læraren godkjenna den endelege planen, før dokker startar på forsøket.

OBSERVASJONAR OG FORKLARINGAR:

Noter resultata i ein oversiktleg tabell. Ta med reaksjonslikningar, viss dokker finn ut av dei.

DRØFT:

Kva gjorde dei andre gruppene? Kom dokker fram til same resultat? Drøft framgangsmåtar, resultat og konklusjonar i klassen.

TIPS:

  • Finn fram til kjemisk formel for stoffa, og nokre typiske eigenskapar og kjemiske reaksjonar for dei.
  • Fagartikkelen om julekakekjemi kan vera nyttig.
  • Eksempel på prøvar som dokker kan gjennomføra:
    • undersøkja surleiksgraden av stoffet løyst i vatn
    • varma opp stoffet for å sjå kva som skjer
    • sjå på løyselegheita i kaldt vatn
    • undersøka om stoffet løyser seg lettare dersom me varmar opp vatnet
    • tilsetja ei syre
    • tilsetja ein base
    • lukta på stoffet (ikkje smaka!)
    • tilsetja NTB
    • tilsetja Lugols løysing

Er du interessert i dette?

Jorda og livet på jordaNaturfag

Atmosfæren

air air pollution chimney clouds
Energi og materieNaturfag

Atomkraft

Berekraftige samfunnJorda og livet på jordaNaturfagSamfunnsfag

Berekraftig utvikling

wood, chips, wood chips
Energi og materieNaturfag

Bioenergi

Jorda og livet på jordaNaturfag

Biologisk mangfald

Energi og materieNaturfag

Bryting og refleksjon av lys

keyboard_arrow_up