Framandord

FØREMÅL: I denne øvinga må deltakarane improvisera fram ei forklaring på eit framandord.

UTSTYR: Minst like mange pappkort eller papirlappar med påskrivne framandord som talet på deltakarar.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Instruktøren/leiaren deler ut eitt framandord til kvar deltakar.
  2. Deltakarane får tid til å improvisera fram ei forklaring på framandordet.
  3. Deltakarane presenterer framandorda sine for resten av gruppa etter tur.
  4. Etter kvar presentasjon får resten av gruppa stilla oppfølgingsspørsmål til forklaringane, og deltakaren må då improvisera fram svar på desse òg.

Tips: Instruktøren/leiaren kan gjerne prøva ut kor lang tid deltakarane treng for å improvisera fram truverdige forklaringar. Erfarne deltakarar bruker gjerne berre nokre få minutt, medan mindre erfarne deltakarar treng mykje lenger tid.

 

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Fellesøvingar, Improvisasjon

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up

VILKÅR FOR GJENBRUK

Du kan bruka innhald frå denne læringsressursen på nettet eller i trykk under vår Creative Commons-lisens. Sjekk kva lisens som gjeld for kvar enkelt læringsressurs. Dei fleste læringsressursane er merka med CC BY-NC-SA:

Viss du har spørsmål kan du senda ein e-post til post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Framandord