Gjenstandsmiming

FØREMÅL: Denne mimeøvinga er god til å trena opp samarbeidsevner og kreativitet. Gruppene kan òg konkurrera om å bli først ferdige, eller å mima best mogleg.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Deltakarane spaserer rundt på golvet.
  2. Instruktøren/leiaren roper kva deltakarane skal mima, og kor mange som skal vera med i kvar gruppe. (Til dømes «Fire og fire, bokstaven B».)
  3. Gruppene skal dannast så fort som mogleg, og deltakarane må samarbeida om å mima gjenstanden, utan å snakka med kvarandre. Deltakarane har likevel lov til å bruka kroppsspråk til å kommunisera.
  4. Medan alle gruppene mimar gjenstanden, gjev instruktøren/leiaren poeng til den gruppa som greidde seg best, raskast, mest kreativt, eller andre kriteria.

Døme på gjenstandar som kan mimast:

  • Tal
  • Bil
  • Tre
  • Kyrkje
  • Pennal
  • Sykkel
  • Bokhylle
  • Lenestol
  • Trillebår
  • Bokstavar
  • Handmiksar
  • Speglreflekskamera

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Gruppeøvingar, Miming, Parøvingar, Rørsleøvingar

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

Meny

REPUBLISHING TERMS

You may republish this article online or in print under our Creative Commons license. You may not edit or shorten the text, you must attribute the article to Nettskulen.no and you must include the author’s name in your republication.

If you have any questions, please email post@hetlandmedia.no

License

Creative Commons License AttributionCreative Commons Attribution
Gjenstandsmiming