Grenser og samtykke

Alle menneske har rett til å sjølv bestemma om ein vil vera seksuelt aktiv, og kven ein vil ha seksuelle opplevingar saman med. Det er viktig at du kjenner dine eigne grenser, og at du berre gjev samtykke til sex når du sjølv har lyst til det.

Samtykke betyr at ein seier med ord eller viser med kroppen at ein vil ha sex. Det er viktig at samtykket er frivillig og gjensidig.

Gjensidig samtykke er når

  • du og partnaren din er samde om å ha sex før dokker startar.
  • du er sikker på at partnaren framleis har lyst til å ha sex med deg underveis.
  • partnaren din er vaken og i stand til å gje samtykke medan dokker har sex.
  • begge er samde om å gjennomføra dei ulike seksuelle aktivitetane.
  • du respekterer partnaren sine ynskje om å avslutta eller ikkje gjera bestemte seksuelle aktivitetar.

Dersom nokon blir tvingde til å gjennomføra seksuelle handlingar, er det eit seksuelt overgrep. Alle seksuelle handlingar, som til dømes berøring av kjønnsorgan og bryst, oralsex, fingring eller liknande, mot ein som ikkje kan eller vil samtykka, er ulovleg.

Kjelder:
Helsedirektoratet (29.04.2021). Sex og samtykke. Henta 02.07.2021 frå https://www.helsenorge.no/sex-og-samliv/sex-og-samtykke/

Sex og samfunn. Grenser. Henta 02.07.2021 frå https://sexogsamfunn.no/sex/grenser/

Ung.no (29.07.2020). Kva er samtykke til sex? Henta 02.07.2021 frå https://www.ung.no/overgrep/3251_Hva_er_samtykke_til_sex.html

Sist oppdatert:

Kategori:

Kropp og helse, Naturfag, Sex – og sånt

Forfattar:

Kompetansemål:

drøfta spørsmål knytta til seksuell og reproduktiv helsedrøfte kva ein kan gjere om eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet blir brotnereflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up