Immunforsvaret

Kampen mot inntrengarane

(Film: Monstera/Pexels)

Immunforsvaret si oppgåve er å beskytta kroppen din mot inntrengarar som kan gjera deg sjuk. Bakteriar og virus er eksempel på mikroorganismar som kan føra til sjukdommar.

Ordet immun kjem av det latinske ordet immunis, som betyr «rein for». Immunsystemet er kroppen sitt forsvarssystem, som jobbar for å halda kroppen rein for smittestoff som uønska bakteriar og virus.

(Illustrasjon: Morten Hetland, basert på ein illustrasjon av Johan Vikan, CC BY-SA)

Det ytre og det indre immunforsvaret består av fleire deler som fungerer saman:

(Forfattarar: Marit Smith Sørhøy og Trine Merethe Paulsen – Filmproduksjon: Milestep, CC BY-SA)

Vaksinar

Med vaksinar kan ein stimulera B-lymfocyttane til å laga antistoff mot bestemte smittestoff, før desse smittestoffa kjem seg inn i kroppen. Hugsecellene veit då kva antistoff immunforsvaret må bruka viss desse smittestoffa kjem inn i kroppen seinare.

Når B-lymfocyttane har lært seg å hugsa kva antistoff dei må bruka mot eit smittestoff, kallar me det immunitet. Ein kan bli immun ved å bli frisk frå ein infeksjonssjukdom, eller ved å trena opp immunforsvaret ved hjelp av vaksinar. Ein viktig fordel med vaksinar er at ein skaper immunitet, utan at menneska må bli sjuke først.

Ordet vaksine stammar frå det nylatinske variolae vaccinae, som betyr kukoppar. Den første moderne vaksinen var nemleg mot kukoppar. Den britiske legen Edward Jenner beviste at ein kan overføra smittestoff frå kukoppar til friske menneske, for å førebygga den meir alvorlege sjukdommen koppar. Jenner tok smittestoff frå handa til ei budeie som var smitta av kukoppar, og overførte smittestoffet til 8 år gamle James Phipps gjennom to kutt i armen. Etter halvannan månad prøvde Jenner å smitta Phipps med koppar, men på grunn av vaksinen hadde Phipps blitt immun, og viste ikkje teikn til å bli sjuk av koppar.

I 1796 brukte dr. Edward Jenner smittestoff frå kukoppar til å vaksinera 8 år gamle James Phipps mot koppar.
(Måleri: Ernest Board)

I dag hadde det vore heilt utenkeleg å eksperimentera med vaksinar på same måten som Edward Jenner gjorde. Reglane for testing og godkjenning av vaksinar er svært strenge, og dei viktigaste kriteria er at vaksinane må vera trygge og effektive.

(Illustrasjon: TarikVision/iStock)

Når eit nytt smittestoff blir oppdaga, begynner forskarane å studera korleis smittestoffa er bygde opp og korleis dei må laga vaksinar for at kroppen skal kunna beskytta seg mot smittestoffa. Når dei har laga ein tidleg versjon av vaksinen, blir den testa på mus, og deretter på større dyr. Dersom forskarane kan dokumentera at vaksinen er trygg, kan helsepersonell på legekontor og sjukehus testa den på menneske i kliniske studiar. Når forskarane har bevist at vaksinen er både trygg og effektiv for nokre titals menneske, kan ein testa vaksinen på nokre tusen menneske. Viss vaksinen framleis er trygg og effektiv, blir vaksinen godkjent for masseproduksjon og massevaksinering. Helsepersonell gjennomfører vaksineringa, og dei som har fått vaksinen blir immune mot smittestoffa.

I tillegg til å beskytta kvart enkelt menneske mot skadelege smittestoff, kan vaksinar bidra til å førebygga spreiing av smittsame sjukdommar i ei befolkning.

Når dei fleste menneska i ei befolkning har blitt vaksinerte, er det vanskelegare for smittestoffet å spreia seg, fordi immunforsvaret til kvart enkelt menneske vil drepa smittestoffet før det får sjansen til å spreia seg vidare. Dette blir kalla flokkimmunitet. Flokkimmunitet er viktig for å hindra spreiing av smittsame sjukdommar til menneske som kunne blitt sjuke av vaksinen.

(Illustrasjon: sketchplanations – CC BY-NC)
Den øvste delen av illustrasjonen viser korleis nokre få sjuke eller smitta menneske (oransje) kan starta eit sjukdomsutbrot i ei befolkning der ingen er immune mot sjukdommen (grøne).
Den midtre delen av illustrasjonen viser at ein ikkje oppnår flokkimmunitet dersom berre nokre få menneske er immune (blå), og sjukdommen kan utvikla seg til ein epidemi.
Den nedste delen av illustrasjonen viser at ein oppnår flokkimmunitet når dei fleste i befolkninga har blitt immune.
(Illustrasjon: National Institutes of Health, dei nasjonale helseinstitutta i USA – CC0)

Sist oppdatert:

Kategori:

Kropp og helse, Naturfag

Forfattar:

Kompetansemål:

beskriva kroppen sitt immunforsvar og korleis vaksiner verkar, og gjera greie for kva vaksiner betyr for folkehelsa

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up