FØREMÅL: I denne øvinga lærer deltakarane om grunnleggjande element i improvisasjon og teatersport, der deltakarane må kunna akseptera og bidra for å lukkast.
UTSTYR: Ingenting.
FRAMGANGSMÅTE:
- Deltakarane blir delt inn i grupper på tre–fire personar.
- Gruppene stiller seg i kvar sine ringar med god avstand mellom seg.
- Instruktøren/leiaren seier eit tema, til dømes «Hòleekspedisjonen», «Badeturen», «I skogen»…
- Øvinga startar med at éin av deltakarane i gruppa slengjer fram eit forslag om kva gruppa skal gjera.
- Gruppa svarer «Ja, det gjer me!», og alle i gruppa utfører/mimar forslaget.
- Øvinga held fram med at ein tilfeldig annan deltakar slengjer ut eit nytt forslag, gruppa svarer «Ja, det gjer me!», og alle i gruppa utfører/mimar forslaget.
- Gruppa held fram med å koma med forslag og spela ut forslaga, heilt til instruktøren/leiaren eller éin av deltakarane avsluttar med å seia «Og slik enda denne historia».
Tips: Undervegs i øvinga bør instruktøren/leiaren å minna deltakarane på at denne øvinga avhenger av at alle i gruppa aksepterer og bidrar med nye forslag. Deltakarane vil merka at det blir lettare å halda framdrifta, så lenge dei byggjer vidare på den same historia, i staden for å stadig koma med nye, avvikande forslag.