Dette bør vera med i ein jobbsøknad:
- Kva jobb søkjer du på? – Referer til utlysinga/annonsa.
- Kven er du? – Det meste kan stå i ein CV, men viss det er noko spesielt som skil deg ut frå andre søkjarar, bør du ta det med i sjølve søknaden.
- Kvifor søkjer du? – Kva det er med stillinga eller firmaet som gjer dette interessant for deg?
- Kvifor er du ein søkjar å satsa på? – Utdanning, arbeidserfaring, personlege eigenskapar…
- Referansar – Namn på personar som kjenner deg, og som bedrifta kan ta kontakt med. (Hugs å spørja desse personane om lov til å føra dei opp.)