Klimagassar og forsterka drivhuseffekt

Menneskeskapte klimaendringar og global oppvarming

(Film: Tom Fisk/Pexels)

Ein klimagass kan påverka klimaet på jorda på ulike måtar: Gassen kan mellom anna fanga eller spreia stråling frå sola, eller den kan fanga varmestråling frå jorda.

Ein gass som fangar varmestråling – frå sola eller jorda – blir kalla ein klimagass eller ein drivhusgass. Desse gassane fungerer på same måte som eit drivhus: Dei slepp varmen frå sola gjennom atmosfæren og ned til jordoverflata, men hindrar noko av varmen frå sola og jorda i å forlata atmosfæren. Dette blir kalla drivhuseffekten.

(Illustrasjon: VectorMine/iStock)
Klimaforskar Bjørn Samset frå CICERO Senter for klimaforskning forklarer drivhuseffekten. (Produsert for NRK Skole)

Norske utslepp av klimagassar (2019)

¹ Utslepp av klimagassar blir ofte rekna i CO2-ekvivalentar, der ein omgjer dei andre klimagassane sin klimapåverknad, slik at dei tilsvarer klimaeffekten av utslepp av 1 tonn CO2.
2 Energiforsyning, oppvarming og andre kjelder.
(Illustrasjon: Statistisk sentralbyrå. Kjelde: Utslepp til luft, Statistisk sentralbyrå. Lisens: NLOD)

Klimagassane

Klimagassane er livsviktige for å halda jorda varm nok til at det kan eksistera liv her, men forskarar er bekymra for at menneskeleg aktivitet fører til at det blir høgare konsentrasjon av klimagassar i atmosfæren, og dermed ein forsterka drivhuseffekt.

Den forsterka drivhuseffekten har allereie bidratt til menneskeskapt global oppvarming og endringar i klimaet på jorda. Dei menneskeskapte utsleppa av klimagassar kjem i hovudsak frå forbrenning av fossile brensel som kol, olje og gass.

Konsentrasjonen av klimagassene karbondioksid, metan og lystgass i atmosfæren har auka med høvesvis 30 prosent, 150 prosent og 15 prosent sidan tida før den industrielle revolusjonen. Desse tre gassane bidrar mest til menneskeskapte klimaendringar og global oppvarming. I tillegg har menneskeleg aktivitet ført til utslepp av gassar som ikkje finst naturleg i atmosfæren, som mellom anna ulike fluorhaldige gassar.

Vassdamp (H2O)

Vassdamp er vatn i gassform, og kjem oftast frå vatn som fordampar frå innsjøar og hav. Vassdamp dannar skyer, og vatnet regnar tilbake på jorda. Vassdamp hindrar varmestrålinga i å forlata jordoverflata, slik at det blir varmare. Varmen fører til at endå meir vatn fordampar, slik at det blir endå varmare.

Karbondioksid (CO2)

Karbondioksid består av karbon og oksygen, og finst naturleg rundt oss. Denne gassen blir danna når noko rotnar, når levande organismar omdannar næring til energi og i vulkanar. Karbondioksid blir òg frigjort ved forbrenning av fossilt brensel, som til dømes kol og olje, og er den viktigaste årsaka til forsterka drivhuseffekt og menneskeskapt global oppvarming.

I 2019 kom 84 prosent av norske klimagassutslepp frå karbondioksid. I perioden 1990–2019 har norske utslepp av karbondioksid auka med 19 prosent.

Metan (CH4)

Metan består av karbon og hydrogen, og blir vanlegvis blir frigjort frå våtmarker, risdyrking, husdyrhald, bruk av naturgass og kolgruvedrift. Metan fangar opp mykje varme i atmosfæren, og forskarar reknar metan som den nest viktigaste av klimagassane som medverkar til menneskeskapt global oppvarming.

Jordbruk og husdyrhald står for 57 prosent av dei norske metanutsleppa. Nedbryting av organisk avfall på avfallsdeponi, samt utvinning av olje og gass er òg viktige kjelder til norske metanutslepp.

I 2019 kom 9 prosent av norske klimagassutslepp frå metan. I perioden 1990–2019 har norske utslepp av metan blitt redusert med 25 prosent.

Lystgass (N2O)

Lystgass er ein naturleg del av nitrogenkrinsløpet. Lystgass blir danna av bakteriar i jorda og i havet, og blir i tillegg sluppe ut av nokre typar fabrikkar, kraftverk og frå plantegjødsel. Lystgassen skadar det beskyttande ozonlaget, og er ein viktig drivhusgass.

I Noreg kjem mesteparten av lystgassutsleppa frå produksjon og bruk av naturleg husdyrgjødsel og nitrogenhaldig kunstgjødsel.

I 2019 kom 4,7 prosent av norske klimagassutslepp frå lystgass. I perioden 1990–2019 har norske utslepp av lystgass blitt redusert med 42 prosent.

Fluorhaldige gassar

Fluorhaldige gassar (F-gassar) har blitt brukt i kjøleskap og kuldeanlegg, som rensemiddel og i isolasjonsskum. Desse gassane er kraftige klimagassar, og i tillegg skadar dei ozonlaget. Bruken av fluorhaldige gassar har blitt kraftig redusert gjennom eit internasjonalt samarbeid.

Tidlegare var det tidlegare relativt store utslepp av fluorhaldige gassar frå norsk industri, men i dag er kuldeanlegg den største kjelda.

I 2019 kom 2,7 prosent av norske klimagassutslepp frå fluorhaldige gassar. I perioden 1990–2019 har norske utslepp av lystgass blitt redusert med 81 prosent.

Ozon (O3)

Ozon blokkerer for stråling frå sola, og beskytter oss mot dei farlege UV-strålene. Ozonlaget skal væra høgt oppe i atmosfæren, der flya flyg, men på grunn av forbrenning av fossilt brennstoff i kjøretøy og fabrikkar, har det blitt danna bakkenært ozon, som òg fungerer som klimagass.

Kjelder:
Blindheim, Ulf. (12.03.2012). Metan. Store norske leksikon. Henta 28.07.2016 frå https://snl.no/metan

Bryhni, Inge & Olerud, Kåre. (03.12.2014). Klimagasser. Store norske leksikon. Henta 28..07.2016 frå https://snl.no/klimagasser

Haraldsen, Haakon & Pedersen, Bjørn. (22.01.2016). Karbondioksid. Store norske leksikon. Henta 28.07.2016 frå https://snl.no/karbondioksid

Miljødirektoratet (13.11.2020). F-gassar. Miljøstatus. Henta 04.04.2021 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/norske-utslipp-av-klimagasser/f-gasser/

Miljødirektoratet (13.11.2020). Karbondioksid (CO2). Miljøstatus. Henta 04.04.2021 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/norske-utslipp-av-klimagasser/co2/

Miljødirektoratet. (11.07.2016). Klimagasser. Miljøstatus. Henta 28.07.2016 frå http://www.miljostatus.no/Tema/Klima/Klimagasser/

Miljødirektoratet (13.11.2020). Lystgass. Miljøstatus. Henta 04.04.2021 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/norske-utslipp-av-klimagasser/lystgass-N2O/

Miljødirektoratet (13.11.2020). Metan (CH4). Miljøstatus. Henta 04.04.2021 frå https://miljostatus.miljodirektoratet.no/tema/klima/norske-utslipp-av-klimagasser/metan-ch4/

NASA’s Jet Propulsion Laboratory. (20.07.2016). Meet the Greenhouse Gases!. Climate Kids. Henta 28.07.2016 frå http://climatekids.nasa.gov/greenhouse-cards/

Uggerud, Einar (27.04.2018). Klorfluorkarboner. Store norske leksikon. Henta 28.07.2016 frå https://snl.no/klorfluorkarboner

Sist oppdatert:

Kategori:

Berekraftige samfunn, Jorda og livet på jorda, Naturfag, Samfunnsfag

Forfattar:

Kompetansemål:

beskriva drivhuseffekten og gjera greie for faktorar som kan forårsaka globale klimaendringar

Er du interessert i dette?

Meny

VILKÅR FOR GJENBRUK OG PUBLISERING

Du kan gjenbruka eller publisera tekst frå denne artikkelen på nett eller i trykt format, under Creative Commons-lisensen som er knytta til artikkelen. Sjekk kva vilkår som gjeld for CC-lisensen som er knytta til akkurat denne artikkelen. Du må uansett namngje artikkelforfattaren og Nettskulen.no.

Har du spørsmål om gjenbruk eller publisering? Ta kontakt med redaktøren vår:post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Klimagassar og forsterka drivhuseffekt