Kommunikasjonsstøy

FØREMÅL: Denne improvisasjonsøvinga gjev deltakarane trening i å improvisera fram ein samtale, samstundes som konsentrasjonen må vera på topp.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Deltakarane blir sette saman i par, og to og to par fordeler seg rundt i rommet med god avstand til dei andre gruppene.
  2. Gruppene set seg på golvet, med deltakarane i kvart par sitjande diagonalt ovafor kvarandre. Dei to deltakarane i kvart par skal ha kvar sine samtalar, men dei får berre seia éi setning kvar.
  3. Deltakar 1 startar samtalen til par A.
  4. Deltakar 2 startar samtalen til par B.
  5. Deltakar 3 held fram på samtalen til par A.
  6. Deltakar 4 held fram samtalen til par B.
  7. Øvinga held fram med at kvar deltakar får seia éi setning kvar.

For vidarekomne:
Øvinga blir meir krevjande om kvar gruppe består av tre–fire par, slik at det blir endå fleire samtalar å konsentrera seg om.

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Gruppeøvingar, Improvisasjon, Konsenstrasjon

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up