Kontakt og kast

FØREMÅL: Denne øvinga kan anten brukast som ein bli kjent-øving, eller til å øva opp evnen til å få augekontakt i samspel med andre.

UTSTYR:  Ein gjenstand som kan kastast, til dømes ei flaske fylt med litt vatn, ein sko, ein tennisball, ein ertepose…

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Alle deltakarane stiller seg opp i ein ring med god avstand .
  2. Éin deltakar skal byrja å kasta gjenstanden til nokon andre i ringen.

Alternativ A – som «bli kjent»-øving:

  1. Alle deltakarane har på førehand sagt namna sine.
  2. Den som kastar må ropa namnet til den han/ho vil kasta gjenstanden til; altså få kontakt med vedkomande før gjenstanden blir kasta og tatt imot.
  3. Den som tek imot gjenstanden må så ropa namnet til ein annan deltakar, før gjenstanden blir kasta vidare.

Tips: Sidan nokre namn er lettare å hugsa, eller at nokre av deltakarane kanskje kjenner kvarandre frå før, må instruktørane/leiarane passa på at alle får vera med.

Alternativ B – som konsentrasjonsøving:

  1. Deltakaren som kastar gjenstanden må først få augekontakt med den han/ho vil kasta gjenstanden til; altså få augekontakt med vedkomande før gjenstanden blir kasta og tatt imot.
  2. Den som tek imot gjenstanden må så få augekontakt med ein annan deltakar, før gjenstanden blir kasta vidare.

Tips: Instruktørane/leiarane må passa på at alle får vera med.

Alternativ C – som konsentrasjonsøving for vidarekomne:

  1. Deltakarane startar med å laga eit fast «kastemønster», slik at den som kastar gjenstanden alltid kastar til den same deltakaren, og alltid tar imot frå den same deltakaren.
  2. Etter kvart som flyten går greitt, kan instruktøren/leiaren kasta stadig fleire gjenstandar inn i ringen.

Tips: Det er instruktøren/leiaren som bør starta leiken, slik at det blir instruktøren/leiaren som syt for å kasta inn nye gjenstandar.

Creative Commons-lisens Attribution-NonCommercial-ShareAlikeDel

Sist oppdatert:

Kategori:

Bli kjent, Fellesøvingar, Konsenstrasjon, Sal og scene

Forfattar:

Meny
×

Slik bruker du tekst frå artikkelen

Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår. Hugs å visa til forfattaren og Nettskulen.no som kjelde når du gjenbruker teksten.

Dersom du har spørsmål om bruk av innhaldet vårt, kontakt oss på e-post post@nettskulen.no

License

Creative Commons License Attribution-NonCommercial-ShareAlikeCreative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike
Kontakt og kast