Ungdata-undersøkinga viser at 7 av 10 ungdommar opplever press om å sjå bra ut eller å ha ein fin kropp, og mange unge opplever at kroppspresset blir ei utfordring i kvardagen.
Særleg i ungdomsåra, når kroppen er i stadig forandring og ein prøver å «finna seg sjølv», kan det vera vanskeleg å akseptera sin eigen kropp. Og det blir ikkje betre når media og populærkulturen framstiller éin bestemt kroppstype som «idealkroppen».
Det finst like mange forskjellige kroppar som det finst menneske i verda. Prøv heller å akseptera kroppen din, enn å streva etter å bli noko anna enn du er. (Illustrasjon: Amund Thomsen)
Morten Hetland er pedagogisk IKT-rettleiar i Hjelmelandsskulen og er tilsett som adjunkt med tilleggsutdanning ved Hjelmeland skule, der han underviser i samfunnsfag, norsk og naturfag. Elles har han vore dramainstruktør i Hjelmeland Teater sidan hausten 2012.
Du kan bruka innhald frå denne læringsressursen på nettet eller i trykk under vår Creative Commons-lisens. Sjekk kva lisens som gjeld for kvar enkelt læringsressurs. Dei fleste læringsressursane er merka med CC BY-NC-SA:
Namngjeving (BY): Dette betyr at du kan kopiera, spreia, visa fram og byggja vidare på læringsressursen, så lenge du krediterer den som laga innhaldet. Du må altså skriva kven som er originalforfattaren.
IkkjeKommersiell (NC): Du kan bruka verket på alle moglege måtar, men ikkje til kommersiell bruk. Det vil seia at du ikkje kan tena pengar på det.
DelPåSameVilkår (SA): Dersom du endrar eller bygger vidare på verket, må du dela dine endringar med den same lisens som originalverket. Det vil seia at dersom du til dømes lagar ein læringsfilm basert på ein læringsressurs på Nettskulen.no, må du dela læringsfilmen din med den same Creative Commons-lisensen (CC BY-NC-SA).