Kunstig intelligens

Robotikk, resonnering og maskinlæring

Kunstig intelligens (KI) er ein type teknologi som kan løysa oppgåver på eiga hand, anten i den verkelege verda eller i eit datasystem. Nokre KI-system kan òg læra av tidlegare erfaringar, og tilpassa seg sjølv for å bli flinkare.

Kunstige intelligente system er dataprogram som kan gjere ting på eiga hand, enten i den verkelege verda eller på datamaskina. Dei forstår informasjon og data, både organisert og uorganisert, og bruker denne kunnskapen til å oppnå eit mål. Nokre KI-system kan også lære av tidlegare oppførsel og tilpasse seg sjølv.

Talestyrte assistentar – som Siri på iPhone, Alexa på Amazon og Google Assistant – er eksempel på korleis ein kan bruka kunstig intelligens i kvardagen. Desse assistentane kan høyra og forstå kva du seier, og svarer deg med å gje informasjon eller gjera oppgåver for deg.

Sjølv om mange kanskje trur det, kan ikkje kunstig intelligens tenka sjølv, og den er heller ikkje “intelligent”. Teknologi med kunstig intelligens kan berre gjera det den er programmert til å gjera.

Kunstig intelligens er eigentleg eit samleomgrep for robotikk, resonnering og maskinlæring:

Robotikk

Robotstøvsugar
(Foto: Jens Mahnke/Pexels)

Robotikk handlar om å få maskinar (robotar) tik å utføra oppgåver på eiga hand. Robotane blir programmerte ved hjelp av datamaskinar, og dei er ofte utstyrte med sensorar som gjer at dei kan oppdaga og reagera på omgjevnadene rundt seg.

Ein robotstøvsugar kan for eksempel skanna rommet for å planlegga ruta si, og den snur seg viss den stangar borti ein vegg, eller stansar viss den er i ferd med å krasja inn i noko eller nokon.

Maskinresonnering

(Foto: Pavel Danilyuk/Pexels)

Resonnering betyr at teknologien kan “tenka” logisk og trekka konklusjonar basert på informasjonen som den får.

Ein sjakkrobot kan for eksempel tenka strategisk og planlegga fleire trekk framover. Den må vurdera fleire moglege trekk, og resonnera seg fram til kva som kan skje vidare i spelet. Ved hjelp av algoritmar, kan den analysera brettet og finna det beste trekket basert på informasjonen som den får.

Maskinlæring

(Foto: Morten Hetland/NightCafé)

Maskinlæring handlar om å læra maskinar noko nytt, utan å fortelja kva maskinen skal gjera. Det fungerer ved at datamaskinen får tilgang til store mengder informasjon, og så leitar den etter mønster og samanhengar i informasjonen.

Maskinlæring blir mellom anna brukt til å gje deg forslag til kva du kan kjøpa på nettet, føreslå nye seriar på Netflix eller driva chatbotar som Chat GPT og My AI på Snapchat.

Kjelder:
Strümke, Inga (10.05.2023). Kunstig intelligens og annet hodeverk. Innlegg på Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring, Trondheim.

Tidemann, Axel. (16.05.2023). kunstig intelligens. I Store norske leksikon. https://snl.no/kunstig_intelligens

Sist oppdatert:

Kategori:

Naturfag, Teknologi

Forfattar:

Kompetansemål:

utforska, forstå og laga teknologiske system som består av ein sendar og ein mottakarutforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up