Før lesing kan du:
- tenkja over kva du kan om emnet frå før. Lag gjerne eit tankekart for å organisera og skriva ned tankane dine.
- sjå på titlar og bilete. Kva kan bileta fortelja deg?
- lesa samandraget av teksten, for å danna eit oversyn over kva teksten handlar om.
- tenkja over kva du vil læra av å lesa teksten. Bruk gjerne eit VØL-skjema for å ordna tankane dine.
- tenkja over kvifor du skal lesa denne teksten.
Medan du les kan du:
- passa på at du forstår alt du les.
- notera stikkord og nøkkelsetningar frå teksten.
- markera faguttrykk og streka under vanskelege ord. Sjekk opp kva desse orda betyr, og les teksten om igjen.
- oppsummera medan du les. Ta gjerne tenkjepausar etter kvart avsnitt eller kvar side.
Etter lesinga kan du:
- lesa samandraget av teksten.
- skriva ditt eige samandrag av teksten.
- laga repetisjonsspørsmål til teksten.
- laga tankekart som oppsummerer innhaldet i teksten.
- arbeida med oppgåver til teksten.
- tenkja over kva du lærte av å lesa teksten.
Kjelder:
Blichfeldt, K., Heggem, T. G., Nilsen, M. & Øygarden, B. (2014). Nye Kontekst 8-10. Oslo: Gyldendal.