Maktfordelingsprinsippet

Prinsippet om maktfordeling (maktfordelingsprinsippet) slår fast at makta som styrer eit land skal fordelast til tre uavhengige organ: ei lovgjevande makt, ei utøvande makt og ei dømmande makt.

Kong Harald V er leiar for Kongehuset, og har formelt den utøvande makta i Norge.
(Foto: Jørgen Gomnæs/Det Kongelige Hoff)
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er leiar for regjeringa, som i praksis har den utøvande makta i Norge.
(Foto: Stortinget)
Stortingspresident Masud Gharahkani (Ap) er leiar for Stortinget, som er den lovgjevande og løyvande makta i Noreg. (Foto: Stortinget)
Høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie er leiar for Høgsterett, som har den dømmande makta i Norge.
(Foto: Sturlason)

Maktfordelingsprinsippet blei lansert i 1748 av den franske statsrettsfilosofen Montesquieu, som meinte at den som har makt, har ein tendens til å misbruka den. Difor føreslo Montesquieu at ein måtte bruka makt for å stansa maktmisbruk eller balansera maktbruken. Han kom då fram til at staten sine oppgåver burde gjerast av tre uavhengige statsmakter:

  • Ei folkevald forsamling, altså representantar (eller medlemmer) som blei valde av folket, skulle ha den lovgjevande makta. I dagens Norge er det Stortinget som har den lovgjevande makta.
  • Kongen skulle ha den utøvande makta. I dagens Norge er det Kongen i statsråd, altså regjeringa, som har den utøvande makta.
  • Domstolar, som var sett saman for ein tidsavgrensa periode av tilfeldig valde innbyggjarar, skulle ha den dømmande makta. I dagens Norge er det Tingretten og Lagmannsretten, samt Høgsterett, som har den dømmande makta.
I Norge er makta fordelt mellom Stortinget, domstolane og Kongen. I praksis er det regjeringa – med statsministeren og statsrådane – som utøver Kongen si makt. (Illustrasjon: Morten Hetland, basert på ein illustrasjon av Erik Dyrhaug, CC BY-NC 3.0)

Montesquieu sitt prinsipp om fordeling av makta har vore viktig i utviklinga av demokratiske land. Mellom anna hadde dette prinsippet ei svært viktig rolle då den norske Grunnlova blei skriven i 1814.

Kjelder:
Berg, Ole T. (31.12.2019) maktfordelingsprinsippet. Store norske leksikon. Henta 28.03.2021 frå https://snl.no/maktfordelingsprinsippet

Sist oppdatert:

Kategori:

Demokratiforståing og deltaking, Samfunnsfag

Forfattar:

Kompetansemål:

beskrive trekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg i dag og reflektere over sentrale utfordringarreflektere over kva for aktørar som har makt i samfunnet i dag, og korleis desse grunngir standpunkta sine

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up