FØREMÅL: I denne improvisasjonsøvinga får deltakarane trening i å dikta opp og fortelja om oppdikta personar. Øvinga kan gjerast både i fellesskap og i mindre grupper.
UTSTYR: Like mange bilete av ukjende personar som talet på deltakarar. Desse bileta kan til dømes hentast frå vekeblad, aviser eller Internett.
FRAMGANGSMÅTE:
- Alle deltakarane får utdelt kvar sitt bilete av ein ukjend person.
- Deltakarane har fem minutt på seg til å dikta/improvisera fram ei historie om denne personen:
- Kort biografi
- Kva jobbar personen med?
- Kva drøymer personen om?
- Kvifor er denne personen deltakaren sitt forbilde?
- Når tida er ute, stiller deltakarane seg opp og presenterer personane for kvarandre.
Tips: Det er viktig at deltakarane ikkje kjenner personane som er avbilda. Styr difor unna bilete av kjendisar.
For nybegynnarar:
Øvinga kan godt gjerast sitjande i ein ring, då det er mindre skremmande for ferske deltakarar.
For vidarekomne:
Deltakarane framfører presentasjonane sine ståande framfor dei andre. Det kan òg tenkjast at dei vil få uventa spørsmål om personen, som dei må improvisera fram eit svar på.