Morgonfugl

FØREMÅL: I denne mimeøvinga skal deltakarane samarbeida og jobba kreativt for å skildra ein kvardagsleg situasjon.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Del deltakarane inn i grupper på fire eller fem.
  2. Éin av deltakarane i gruppa skal spela ein person, medan dei andre skal mima ulike gjenstandar som denne personen treng.
  3. Situasjonen som skal mimast: Personen vaknar om morgonen, står opp om, tek morgonstellet, lagar og et frukost, og går til slutt ut av ytterdøra.
  4. Gruppa får 10-15 minutt til å førebu ei handling og fordela roller.
  5. Gruppene framfører situasjonane sine for dei andre gruppene.

Tips: Instruktøren/leiaren må påpeika for deltakarane at alle tinga som personen treng mimast av dei andre deltakarane på gruppa, til dømes er det ikkje godt nok å mima at ein pussar tennene; éin av dei andre på gruppa må mima tannbørsten. Deltakarane som skal mima gjenstandar kan med fordel leggja på lydeffektar.

Døme på gjenstandar som kan mimast:

  • seng
  • klesskap
  • klede
  • dører
  • toalett
  • vask
  • spegel
  • tannbørste
  • dusj
  • handklede
  • trapp
  • kjøkkenskap
  • kjøleskap
  • mat
  • skål/tallerken, glas, bestikk
  • sko
  • ransel
  • paraply

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Gruppeøvingar, Improvisasjon, Miming, Skodespelteknikk

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up