Namnebyte

FØREMÅL: I denne konsentrasjonsøvinga må deltakarane øva opp korttidsminnet for å lukkast.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Øvinga byrjar ved at deltakarane spaserer rundt på golvet.
  2. Deltakarane byrja å handhelsa på kvarandre, medan dei seier namna sine tydeleg til kvarandre.
  3. Når deltakaren har helsa på ein annan, har dei òg overtatt namnet til den dei helste på.
  4. Deltakarane går vidare til nestemann, for å helsa og overlevera namna som sist.
  5. Etter ei stund stansar instruktøren/leiaren øvinga, og sjekkar om alle namna er jamnt fordelte og ingen gløymde.

Døme: 
Deltakar A heiter Bjørn, deltakar B heiter Stian og deltakar C heiter Laila.
1. Først helsar A og B på kvarandre og seier sine eigne namn. Etter helsinga har A fått namnet Stian, og B heiter Bjørn.
2. B går vidare til C og helsar. Etter helsinga har B fått namnet Laila, medan C heiter Bjørn.
3. Deltakar C går vidare til A og helsar, og etter helsinga har C fått namnet Stian, medan A har fått namnet Bjørn.

Tips: Denne øvinga vil som oftast ikkje gå som planlagt – då det blir for mykje aktivitet og for mykje å hugsa på – så øvinga kan godt gjennomførast fleire gonger.

For nybegynnarar:
Det vil vera krevjande nok å berre bruka eitt namn (sjølv for deltakarar som har to førenamn).

For erfarne:
Prøv ei ekstra utfordring med å hugsa og byta både førenamn, eventuelle mellomnamn og etternamn.

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Fellesøvingar, Konsenstrasjon

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

Meny

REPUBLISHING TERMS

You may republish this article online or in print under our Creative Commons license. You may not edit or shorten the text, you must attribute the article to Nettskulen.no and you must include the author’s name in your republication.

If you have any questions, please email post@hetlandmedia.no

License

Creative Commons License AttributionCreative Commons Attribution
Namnebyte