Ninja

FØREMÅL: Dette er ein artig teaterleik som kan brukast både i konsentrasjons- og rørsleøving.

UTSTYR:  Ingenting.

FRAMGANGSMÅTE:

  1. Alle deltakarane stiller seg opp i ein ring, med éi armlengds avstand.
  2. Alle tar så eit steg inn mot midten, medan dei legg hendene saman og ropar «shang».
  3. Deltakarane ropar så «hai», og hoppar éin «ninjabevegelse» tilbake mot plassen sin, og blir ståande i frys i denne posisjonen.
  4. Éin av deltakarane startar med å prøva å slå på éi av hendene til deltakaren til høgre eller venstre for seg, men får berre bruka éi rask, samanhengjande ninjabevegelse. Heile kroppen kan brukast, men det er viktig at deltakaren blir ståande i frys-posisjon etter angrepet.
  5. Alle deltakarane har to liv (eitt for kvar hand). Viss ein deltakar treff handa til ein annan, er denne handa ute av leiken.
  6. Viss angriparen ikkje treff ei hand, går turen vidare til den som blei angripen.
  7. Etter kvart som det minkar på deltakarar i ringen, må deltakarane gjera større bevegelsar for å flytta seg rundt.
  8. Leiken held fram til éin vinnar står igjen.

Tips: Desto raskare angrepa kjem, desto vanskelegare blir leiken.

Sist oppdatert:

Kategori:

Drama, Fellesøvingar, Konsenstrasjon, Rørsleøvingar

Forfattar:

Kompetansemål:

Er du interessert i dette?

keyboard_arrow_up