Onani handlar om å stimulera sine eigne kjønnsorgan, og blir ofte kalla masturbering, runking eller fingring.
Når du onanerer, blir du kjent med kva som er deilig for deg, kor det er godt å ta på deg sjølv og kva måte som fungerer best. Dette er ein flott måte å bli kjent med kroppen og underlivet sitt på – både korleis ein ser ut, og korleis ein fungerer.
Dei aller fleste onanerer. Nokre begynner å onanera allereie når dei er små barn, medan andre oppdagar onani når dei kjem i puberteten.
Onani er sunt og heilt ufarleg: Det kan dempa stress, frigje lykkehormon i kroppen, og redusera risikoen for risikofylt sex.
Det varierer kor ofte kvar enkelt onanerer: Somme onanerer mange gonger om dagen, medan andre onanerer nokre gonger i veka eller månaden. Nokre gjer det sjeldnare, eller kanskje aldri. Uansett kor ofte, så må du gjera det som kjennest riktig for deg.
Det finst ingen rett eller feil måte å onanere på. Har du funne ein eller fleire teknikkar som fungerer for deg, så kos deg med det.